Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Forskningsfunn

Undersøking av kosthald blant 2-åringar

Publisert

Småbarnsmat
Kosthold småbarn. Illustrasjonsbilde colourbox.com

Småbarnstida er prega av rask vekst og utvikling. Eit godt kosthald i denne perioden kan vere av stor betyding for helsa seinare i livet.


Har du funnet en feil?

Undersøkinga blir gjennomført for tredje gong

I desse dagar inviterast foreldra til 3000 born på to år til å delta i den nasjonale kosthaldsundersøkinga Småbarnskost 3, som blir sendt ut av Universitetet i Oslo, avdeling for ernæringsvitskap. 

Småbarnskost-undersøkingane har blitt gjennomført to gongar tidligare:

  • første gong i 1999
  • andre gong i 2007

Rapportane frå 1999 og 2007 kan lastast ned frå Helsedirektoratet

Fortset den positive utviklinga?

I undersøkinga frå 2007 så ein store forbetringar blant toåringane samanlikna med den første undersøkinga frå 1999.

– I 2007 inneheldt kosthaldet framleis for mykje metta feitt, men inntaket av tilsett sukker var redusert og innanfor anbefalingane. No er vi spente på utviklinga og korleis toåringanes kosthald ser ut i dag, seier prosjektkoordinator Nicolai Lund-Blix ved avdeling for kroniske sjukdomar og aldring ved Folkehelseinstituttet.

Han fortel at svara frå denne undersøkinga vil gi kunnskap om kosthaldet til norske toåringar. Dette vil ha betydning for dei som arbeidar med det førebyggande og helsefremmande arbeidet blant småbarn i Norge.

– Svara vil vere viktige for å kunne vurdere og setje i verk tiltak for å fremme helse og førebygge kosthaldsrelaterte sjukdomar, poengterer Nicolai Lund-Blix.

Kven står bak undersøkinga?

Småbarnskost 3 inngår som ein del av systemet for overvaking av kosthaldet i den norske befolkinga. Universitetet i Oslo, avdeling for ernæringsvitskap, gjennomfører undersøkinga i samarbeid med Folkehelseinstituttet.

Har du spørsmål om Småbarnkost 3 kan du kontakta UiO, avdeling for ernæringsvitenskap på e-post: smabarnskost@medisin.uio.no eller på telefon 48 07 22 21