Hopp til innhold

Nyhet

Tore Godal får Kongens fortenestmedalje

Publisert

På laurdag får Tore Godal tildelt Kongens fortenestmedalje. Godal jobbar for tida på Folkehelseinstituttet, og har ein omfattande nasjonal og internasjonal karriere bak seg. Han var blant anna sentral i eit stort arbeid med myggnett som har redda millionar av liv.

Tore Godal
Tore Godal, her ved sida av ein statue av Edward Jenner som gir eit barn koppevaksine. Jenner er kjent som opphavsmannen til moderne vaksinasjon. Foto: Gavi/ Isaac Griberg

På laurdag får Tore Godal tildelt Kongens fortenestmedalje. Godal jobbar for tida på Folkehelseinstituttet, og har ein omfattande nasjonal og internasjonal karriere bak seg. Han var blant anna sentral i eit stort arbeid med myggnett som har redda millionar av liv.


Høyr Tore Godal i ei eiga spesialutgåve av Folkehelsepodden.

Godal får utmerkinga på grunn av sin livslange innsats med globalt helsearbeid og vaksinering. Initiativ som han har tatt på vaksineområdet, har medverka til å redde livet til millionar av menneske.

Starta karrieren i Etiopia

Godal er nå 80 år. Han starta karrieren som direktør for Armauer Hansens forskingsinstitutt i Addis Abeba i Etiopia. På 1970-talet jobba han i Verdas helseorganisasjon (WHO), så kom han tilbake til Noreg og jobba på Radiumhospitalet, før han ble leiar for det tropemedisinske programmet i WHO. Han blei leiar for sekretariatet for den globale vaksinealliansen Gavi i 1999. Han var spesialrådgivar for Gro Harlem Brundtland i WHO og har jobba på Statsministeren sitt kontor og i Utanriksdepartementet. Frå 2018 har han jobba i Folkehelseinstituttet.

750 millionar vaksinerte barn

Noko av det han har arbeidd med som har redda flest menneskeliv, er vaksinealliansen Gavi.

– Gjennom alliansen har det fram til i dag blitt vaksinert 750 millionar barn, og berekningane frå WHO og Unicef viser at Gavi har medverka til å redde 13 millionar liv, seier Godal.

Eit anna viktig tiltak Godal var sentral i, var arbeidet med å innføre myggnett. Bakgrunnen for dette var undersøkingar som viste at impregnerte myggnett kunne redde kvart femte barn i Afrika frå å døy.

– Der er dødelegheita frå malaria redusert med over 50 prosent. Kvart år er det nå cirka ein halv million fleire barn som overlever på grunn av myggnetta, seier han. Han leia sjølv eit forskingsprosjekt i fire afrikanske land der ein million menneske blei putta under myggnett for å vise om tiltaket hadde effekt.

Betre hygiene

Både betre hygiene og vaksinasjon har vore viktig for å betre helsetilstanden globalt. Medisinar mot tropesjukdommar som legemiddelfirma har gitt gratis, har også hatt stor effekt, seier han.

Donorar som Bill og Melinda Gates Foundation har vore viktige. Frå 1999 ga dei 750 millionar dollar til vaksinasjonsprogrammet Gavi.

– Bill sa at han skalv litt på handa då han skreiv under på den sjekken, men fem år seinare sa han at det var den beste investeringa han hadde gjort, seier Tore Godal.

Godal får tildelt Kongens fortenestmedalje laurdag 23. november 2019 i ein større seremoni i Gamle festsal på Universitetet i Oslo.