Hopp til innhold

Nyhet

2018-tal frå Abortregisteret

Same trend for abort som for fødslar – tala går ned

Publisert

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i aborttala. Største nedgangen ser ein blant dei unge. Dei blir sjeldnare gravide.


Aborttala har dei siste åra vore historisk låge, og dei falt ytterlegare i 2018, viser nye tal frå Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.

Dette skuldast ein markant nedgang i talet på svangerskap blant kvinner under 25 år. Tal frå både Abortregisteret og Medisinsk fødselsregister viser dessutan ein tydeleg nedgang i graviditetar blant kvinner under 25 år, både dei ynskte og dei uynskte svangerskapa.

– Ungdomskulla etter 2008 har vorte betre på å unngå uplanlagte svangerskap. Når desse går ned, går både abort- og fødselstala ned, seier overlege Mette Løkeland i Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Alle fakta om dei nye aborttala finn du i dette faktaarket, mellom anna korleis abortrata – og fødselsrata – varierer etter alder.

Nedgang på 50–70 prosent

Det har vore ein stadig nedgang i aborttala sidan 2008. Det same gjeld fødselstala, viser tala frå Medisinsk fødselsregister. Talet på tenåringsgraviditetar har vore låg lenge.

Dette er nedgangen frå 2008 til 2018 på abortar og fødslar i aldersgruppa alderen 15–19 år:

  • Abortar: frå 18,1 til 5,5 abortar per 1000 kvinner
  • Fødslar: frå 9,6 til 2,7 fødslar per 1000 kvinner

Det er ein reduksjon på cirka 70 prosent for både.

I aldersgruppa 20–24 år ser ein nesten ei halvering i både fødsels- og abortratene frå 2008 til 2018:

  • Abortar: frå 30,7 til 16,9 per 1000 kvinner
  • Fødslar: frå 63,0 til 33,0 fødslar per 1000 kvinner

Figur 1. Svangerskapsavbrot og fødslar blant kvinner i aldersgruppa 15–19 og 20-24 år frå 2004 til 2018, tal per 1000 kvinner.

Abort og fødsler figur 1.JPG

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret) og Medisinsk fødselsregister, Folkehelseinstituttet.

Figur 2. Utførte svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15–49 år 2018.

Abort utvikling figur 2.JPG

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret), Folkehelseinstituttet.

Langtidsvirkande prevensjon blant årsakene til nedgangen

– Kva kan nedgangen blant dei yngste skuldast?

– Vi antar at det er fleire årsaker. Men dei siste 15 åra har det vore ei sterk utbygging av helsestasjoner for ungdom. Prevensjonsmiddel har dessutan vorte billigare på grunn av statlege subsidiar. I 2015 vart spiral og p-stav inkludert i denne ordninga, svarer Løkeland, som legg til at nedgang i aborttala blant dei yngste er ein internasjonal trend.

P-stav er ein tynn, bøyeleg plaststav med gestagen, ei gruppe medikament med hormoneffekt som ligner det kvinnelige kjønnshormonet progesteron. P-staven settast inn under huda på innsida av overarmen og prevensjonseffekten varer i tre år.

– Kva slags effekt har refusjonsordninga hatt?

– Studiar har vist at det spesielt er bruken av langtidsvirkande prevensjon som for eksempel p-stav som har størst førebyggande effekt når det gjeld uplanlagte svangerskap. Bruk av p-stav har mangedobla seg dei siste ti åra, spesielt blant dei yngste kvinnene.

I 2008 var det ifølge Reseptregisteret registrert cirka 550 brukarar av p-stav i aldersgruppa 15–19 år. I 2017 var dette auka til heile 10.815.

Over 12 000 svangerskapsavbrot i 2018

I 2018 blei det i utført i alt 12.380 svangerskapsavbrot i Noreg. Rata har gått ned for alle aldersgrupper samla (15–49 år): frå 10,6 per 1000 kvinner i 2017 til 10,3 i 2018.

Av alle avbrota var 95,4 prosent sjølvbestemte og 82,6 prosent av dei var utført før niande svangerskapsveke.

Aborttala varierer mykje mellom fylka

I 2018 var abortraten på landsbasis 10,3 per 1000 kvinner i aldersgruppa 15-49 år. Dette er fylka med færrast og flest abortar og størst auke og nedgang per 1000 kvinner (abortrate):

  • Flest: Finnmark 14,1 abortar per 1000 kvinner
  • Færrast: Sogn og Fjordane 7,3 abortar per 1000 kvinner
  • Størst auke: Aust-Agder frå 8,0 til 9,3 abortar per 1000 kvinner
  • Størst nedgang: Hedmark frå 11,0 til 9,6 abortar per 1000 kvinner

Tabell 1. Talet på abortar per 1000 kvinner i fruktbar alder, fordelt på dei tre fylka med dei høgaste ratane og dei tre fylka med dei lågaste ratane.

Fylke

Høgast rate

Lågast rate

Finnmark

14,1

 

Troms

13,5

 

Oslo

12,6

 

Sogn og Fjordane

 

7,3

Møre og Romsdal

 

8,2

Rogaland

 

8,6

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret), Folkehelseinstituttet.

Dei fleste abortar skjer med pille

Over ni av ti abortar vert no utført med eit medikament, og fleire enn åtte av ti abortar skjer før niande svangerskapsveke. Det har vore ei gradvis auke sidan denne metoden vart innført i 1998, og sidan 2008 har dei fleste sjølvbestemte svangerskapsavbrot vorte utførte medikamentelt.