Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Forskningsfunn

Opne spørsmål gir meir sannferdige svar

Publisert

Gutt i sofa
Colourbox.com

Når barn får opne spørsmål i strukturerte samtalar, gir dei meir sannferdige svar enn når spørsmåla blir stilt på ein meir lukka måte. Det viser ei kunnskapsoppsummering frå Folkehelseinstituttet.


Om førskulelærarar eller andre tilsette med ansvar for barn mistenker misbruk, forsømming eller psykososiale problem, kan det vere nødvendig å stille spørsmål til barna. Men det er ikkje nokon garanti for at dei svara barna gir, er sannferdige. Til dømes kan måten vaksne stiller spørsmåla på, påverke barna sin hukommelse og auke risikoen for at barnet ikkje gir sannferdige svar.

Mange retningslinjer og rettleiarar handlar om korleis vaksne kan fange opp og handtere problem hos barn og unge. Dei fleste retningslinjer og rettleiarar oppfordrar vaksne til å gjennomføre strukturerte samtalar med barnet. I samtalen bør ein bruke opne spørsmål, som til dømes «Kan du fortelje meg kva du hugsar frå denne dagen?»

Forskarar ved Folkehelseinstituttet gjorde ei kunnskapsoppsummering som vurderte om opne spørsmål gir meir sannferdig informasjon enn meir lukka spørsmål.

Rapporten Korrekthet i svar på åpne spørsmål i strukturerte samtaler med barn: en systematisk oversikt 

Ulike informasjonskjelder for å vurdere sanninga

– Det er vanskeleg å vurdere om barn svarer sant på spørsmål, og det er nesten umogleg å undersøke sanninga i feltstudiar av intervju med barn. Men det finst feltstudiar der forskarane har registrert sanningsinnhaldet på ein uavhengig måte, seier avdelingsdirektør Rigmor C. Berg ved Folkehelseinstituttet.

– Desse studiane gjaldt saker der det var mistanke om seksuelt misbruk, fortset Berg.

Studiane nytta ulike informasjonskjelder for å vurdere om barna sine utsegner var sannferdige: medisinske bevis, mistenkte sine tilståingar, fråsegn frå vitne, tilbaketrekkingar, løgndetektorvurderingar, fysiske bevis og kriteriebaserte innhaldsanalysar.

Resultata viste at uansett kva informasjonskjelde som blei nytta, ga opne spørsmål meir sannferdige framstillingar enn andre typar spørsmål.

– I all hovudsak støtta desse studiane nytta av å bruke opne spørsmål for å få sannferdig informasjon, seier Berg. Til samanlikning ga barna meir feilinformasjon når det blei brukt lukka spørsmål, leiande spørsmål og spørsmål med alternativ.

Sidan opne spørsmål ser ut til å gi meir sannferdig informasjon enn meir lukka spørsmål, er det grunn til å bruke opne spørsmål, avsluttar Berg.