Hopp til innhold

Nyhet

No er det tid for å sjekke hovudlus

Publisert

voksen hodelus

Folkehelseinstituttet oppfordrar skolar og barnehagar, foreldre og føresette til å bli med på den nasjonale lusesjekken helga 31. august–1. september.


Hovudlus er eit tilbakevendande problem i skolar og barnehagar. Anslagsvis er det ein til to prosent av norske barn som til eikvar tid har hovudlus.

Lusesjekk med jamne mellomrom reduserer smitte

– Skolar og barnehagar bør vidareformidle korleis foreldre og føresette kan sjekke og behandle hovudlus. Gratis brosjyre og informasjonsskriv kan bestillast frå Folkehelseinstituttet. Vi har også ein film som viser korleis du sjekkar barn for hovudlus, seier forskar Bjørn Arne Rukke i avdeling for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet.

– Dersom alle sjekkar og behandlar seg for lus på same tidspunkt, vil det redusere hovudlusbestanden over tid. Derfor oppfordrar vi skolar og barnehagar til å få med seg foreldre og føresette til å bli med på den nasjonale lusesjekken helga 31. august–1. september. Hovudlus som blir oppdaga, bør då behandlast med det same. Heile familien bør sjekkast, poengterer Bjørn Arne Rukke.

Bør varsle venner

Foreldre eller føresette som oppdagar hovudlus, bør varsle skole, barnehage og foreldra til nære venner av barnet, slik at også venner kan bli sjekka og eventuelt behandla.

Lusesjekk med jamne mellomrom er det beste middelet for å redusere antal tilfelle av hovudlus. Folkehelseinstituttet anbefalar sjekk med lusekam minst ein gong i månaden. Når hovudlus blir oppdaga tidleg, minskar risikoen for å smitte andre.

– Alle tiltak som kan føre til hyppigare lusesjekk er positive. Folkehelseinstituttet tar initiativ til nasjonal lusesjekk i veke 10 og 35 kvart år. Skolar og barnehagar kan naturlegvis også arrangere kampanjar på andre tidspunkt, avsluttar Rukke.