Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Nedgangen i salet av nødprevensjon held fram

Publisert

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Salet av dei mest brukte reseptfrie legemidla som blir selde både i apotek og daglegvarehandel aukar fortsatt, med to unntak: nødprevensjon – også kalla angrepille – og det smertestillande legemiddelet ibuprofen. Det viser 2018-tala i Grossistbasert legemiddelstatistikk frå Folkehelseinstituttet (FHI).


Kvart år publiserer Folkehelseinstituttet statistikk for salet av dei mest brukte reseptfrie legemidla som blir selde i daglegvarehandel og apotek. Grossistane rapporter salstala til Folkehelseinstituttet som publiserer totalsalet målt i DDD (definerte døgndosar) i og utanfor apotek.

Sjå dei nye tala her: Svak økning i salg av legemidler som selges i dagligvare i 2018

Utviklinga frå 2017 til 2018

Dette er utviklinga i salet for dei mest brukte legemidla frå 2017 til 2018, målt i definerte døgndosar eller kurar (for nødprevensjon):

Auke

  • nasespray (+ 2 prosent)
  • middel til røykeavvenning, tyggegummi med nikotin og liknande  (+ 2 prosent)
  • paracetamol (+ 1 prosent)

Nedgang

  • ibuprofen (- 6 prosent)
  • nødprevensjon (- 4 prosent)

Inga endring

  • middel mot allergi

Nødprevensjon: ned med nesten ein tredel på ti år

I 2018 blei det selt totalt 117 700 dosar nødprevensjon. Av dette blei 7 400 (seks prosent) selt i daglegvarehandelen. Dette er ein nedgang i totalsalet på fire prosent frå 2017 til 2018 (figur 1).

Nødprevensjon har vore selt utan resept sidan 2005.  I løpet av dei ti åra det har vore sal av  nødprevensjon utanom apotek, har salet gått ned med 29 prosent. Før 2009 var det ein årleg auke. Dette året blei det selt 166 000 kurar (dosar), mens talet i 2018 var 118 000 kurar.

– Det er positivt at det blir selt mindre nødprevensjon, sidan dette ikkje skal erstatte anna prevensjon, seier seniorrådgivar Christian Berg i Folkehelseinstituttet.

– Korleis forklarer du nedgangen?

– Det kan ha samanheng med at unge kvinner har betre tilgang på prevensjonsmiddel og får stønad til kjøp. Mellom anna kan auka bruk av langtidsverkande prevensjonsmiddel (P-stavar og spiral) ha ført til mindre bruk av nødprevensjon, svarer Berg.

Figur 1. Sal av nødprevensjon i antal dosar i perioden 2005–2018 fordelt på apotek og daglegvare.

Nedgang i nødprevensjon.JPG

Kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet, februar 2019.

Figur 1 viser at totalsalet av nødprevensjon i antal dosar auka gradvis fram til 2009, då det blei tillate med sal også utanom apotek.  Figuren viser at nødprevensjon i hovudsak blir selt i apotek, og at andelen som blir selt i daglegvarehandelen har vore stabilt låg i heile perioden 2009–2018.

Redusert sal av ibuprofen

Salet av det smertestillande legemiddelet ibuprofen gjekk ned med seks prosent frå 2017 til 2018 – frå 9,3 definerte døgndosar per 1000 innbyggarar/døgn til 8,7. Salet har gått ned sidan 2011, då tilsvarande tal var 11,0.    

– Paracetamol er førstevalet ved lettare smerter. Ibuprofen høyrer til gruppa NSAIDs – ikkje-steroide betennelsesdempande middel. Dei kan ha fleire  biverknader enn paracetamol, seier Christian Berg. Dette kan forklare at salet har gått litt ned.

Tala for dei andre legemidla

Grossistbasert legemiddelstatistikk har også tal for bruken av nasespray ved forkjøling, røykeavvenningsmiddel med nikotin og middel mot allergi (antihistaminar).

2018-tala frå Grossistbasert legemiddelstatistikk kan du sjå her.