Hopp til innhold

Nyhet

Påvist tilfelle av rabies

Publisert Oppdatert

Illustrasjonsbilete
Colourbox.com

Det er bekrefta at pasienten ved Førde sentralsjukehus fekk rabies etter hundebit under opphald i Søraust-Asia. Pasienten døydde 6. mai.


Personar i same reisefølge som var i kontakt med den aktuelle hunden blir følgd opp av det lokale helsevesenet i Noreg for å sikre at dei som treng det får førebyggande behandling mot rabies.

Rabies smittar ikkje mellom menneske. Smitte til helsepersonell ved enkelte medisinske prosedyrar kan ikkje heilt sjåast bort frå, men er aldri tidlegare rapportert.

Rabies er ein svært alvorleg virussjukdom som angrip nervesystemet. Sjukdommen kan smitte frå dyr til menneske og førekomst er vanleg i store delar av verda.

– I område med rabies bør personar som har blitt bite av hund eller andre dyr så raskt som mogleg ta kontakt med lege for råd og vaksine, seier overlege Siri Feruglio ved Folkehelseinstituttet

Klor eller slikk på slimhinne eller på skadd hud kan òg overføre rabiessmitte. I område der det finst rabies bør ein unngå kontakt med hundar, kattar og andre pattedyr (inkludert flaggermus).

Rabies kan førebyggast med vaksine både før og etter kontakt med smitteførende dyr.

For meir informasjon om sjukdommen, vaksinasjon og reiseråd: