Hopp til innhold

Nyhet

Listeriautbrot i Spania

Publisert

Spanske helsestyresmakter melder om eit stort utbrot av den matbårne bakteriesjukdommen listeriose.

Listeriabakterien. Colourbox.com
Listeriabakterien. Colourbox.com

Spanske helsestyresmakter melder om eit stort utbrot av den matbårne bakteriesjukdommen listeriose.


Kjelda er antatt å vere kjøttpudding som blir selt under namnet La Mechá. 

Det er til no rapportert over 175 bekrefta tilfelle i dette utbrotet. I tillegg er det rapportert fleire hundre mistenkte tilfelle. Dei fleste er rapporterte frå regionen Andalucía, særleg i Sevillaområdet. Smittekjelda er antatt å vere kjøttpudding laga av svin (carne mechada) som blir selt under namnet La Mechá. Produktet er no trekt frå marknaden.

Reisande som har vore i Spania og kan ha ete det aktuelle produktet bør kontakte lege dersom dei har symptom (sjå under). Gravide som veit at dei har ete det aktuelle kjøttproduktet bør kontakte legen sin uansett om dei har symptom eller ikkje. Dersom ein ikkje har symptom på listeriose er det ikkje mogleg å avklare om ein kan ha blitt smitta ved å ta ei prøve.

Om listeriose

Listeriose kan gi ulike symptom som diaré, milde influensaliknande plager, og i verste fall blodforgifting eller hjernehinnebetennelse. Bakterien kan òg smitte frå mor til barn under graviditeten og føre til alvorleg sjukdom hos fosteret. Tida frå smitta til sjukdommen startar (inkubasjonstida) er vanlegvis frå nokre dagar til tre veker, men i sjeldne tilfelle kan han vere opp til tre månader. Infeksjonen kan behandlast med antibiotikum. Dei fleste menneske kan ete matvarer som inneheld listeriabakterien utan å bli sjuke.

Listeriose (Smittevernboka)