Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Legemiddelforbruket i Norge

Fortsatt nedgang i salet av beroligande middel og sovemiddel

Publisert

Colourbox.com
Colourbox.com

Salet av beroligande middel og sovemiddel er redusert med nesten ein tredel på ti år. Samtidig er salet av det naturlege hormonet melatonin, som blir brukt ved søvnvanskar, nær tredobla, viser ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet.


Rapporten «Legemiddelforbruket i Norge 2014–2018» gir ei oversikt over sal av legemiddel i Noreg. Tala er baserte på sal frå grossistar til apotek, sjukehus, sjukeheimar og daglegvarehandelen. Dei viser blant anna at nedgangen i salet av beroligande middel og sovemiddel frå dei siste åra fortset.

– Vanedannande legemiddel kan ha mange negative effektar, og det har over tid vore aukande merksemd på forsvarleg forskriving og rett bruk av desse midla, seier seniorrådgivar Solveig Sakshaug i Folkehelseinstituttet.

Ho seier at Helsedirektoratet sine retningsliner for vanedannande legemiddel frå 2015 og forskrifta om helsekrav ved førarkort frå 2016, kan ha medverka til mindre bruk av beroligande middel og sovemiddel.

Vanedannande legemiddel ned 29 prosent

Målt i definerte døgndosar (DDD) har salet av vanedannande angstdempande/beroligande middel og sovemiddel gått ned med 29 prosent i tiårsperioden 2009–2018. Salet av melatonin – eit naturleg hormon – er nær tredobla i same periode (figur 1). Melatonin, som blir brukt som sovemiddel og for å stabilisere døgnrytmen, er ikkje vanedannande.

Figur 1: Sal av beroligande middel (ATC-kode N05B) og sovemiddel (ATC-kode N05C) i perioden 2009–2018

Ny figur 1.png

Milliard-sal

Av rapporten går det også fram at:

  • Grossistane selde legemiddel for 19,5 milliardar kroner i 2018. Av dette utgjorde legemiddel til dyr ein milliard.
  • Omsetnad oppgitt i estimerte utsalsprisar (AUP) var rundt 29 milliardar i 2018.
  • Omsetnad av legemiddel til menneske auka med 3 prosent i 2018 målt i kroner, medan volumveksten i dosar var på 0,7 prosent (sjå figur 2).

Figur 2. Prosentvis årleg endring i totalt sal av legemiddel til human bruk, målt i kroner (AIP) og definerte døgndosar (DDD) i perioden 2006–2018

Ny figur 2.png

Både prisendringar og høgare sal av nye, dyre legemiddel har medverka til auka kostnadar.

– Prisauken på legemiddel var høgare i perioden 2014–2017 enn åra før. Dette skuldast i hovudsak ei svakare krone. Veksten var på same nivå i 2018 som i 2013, konstaterer Sakshaug.

Befolkningsvekst og ein større andel eldre i befolkninga har også bidratt til at legemiddelbruken i Noreg har auka over tid.

Sal av reseptfrie legemiddel

I 2018 utgjorde reseptfrie legemiddel 11 prosent av totalsalet av legemiddel, rekna i dosar.

Salet av dei mest brukte reseptfrie legemidla er publisert tidligare i 2019.

Mest brukt

Dette er dei mest brukte angstdempande/beroligande midla og sovemidla:

Vanedannande middel:

Benzodiazepinar, angstdempande/beroligande middel (ATC-kode: N05BA):

  • diazepam (Valium®, Stesolid®, Vival®), oksazepam (Sobril®)

Benzodiazepinar, sovemiddel (ATC-kode: N05CD):

  • nitrazepam (Mogadon®, Apodorm®)

Z-hypnotika, sovemiddel (ATC-kode: N05CF)

  • zopiklon (Imovane®), zolpidem (Stilnoct®)


Ikkje-vanedannande sovemiddel

  • melatonin (Circadin®)


I tillegg blir også nokre antihistaminar brukt som sovemiddel. Desse er ikkje med i tala i figur 2.

Meir informasjon om bruken av vanedannande legemiddel, sjå rapporten Bruk av vanedannende legemiddel i Norge 2005–2013

Reseptregisteret inneheld informasjon om kjønns- og aldersfordeling for dei som brukar legemiddel på resept.