Hopp til innhold

Nyhet

Føresette: – Blanda erfaringar med barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar

Publisert

Foreldre og andre føresette har gode erfaringar med behandlarane, men dei er mindre fornøgde med behandlingsresultatet. Det viser ei brukarundersøking som Folkehelseinstituttet har gjort om barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP).

colourbox
colourbox

Foreldre og andre føresette har gode erfaringar med behandlarane, men dei er mindre fornøgde med behandlingsresultatet. Det viser ei brukarundersøking som Folkehelseinstituttet har gjort om barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP).


Tilbodet ved barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar får både positive og negative vurderingar frå føresette til barn og unge som får eit tilbod ved ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. Resultata går fram av denne rapporten frå Folkehelseinstituttet: Resultater fra nasjonal brukererfaringsundersøkelse blant foresatte til barn og unge innen psykisk helsevern (BUP) i 2017.

Rapporten viser resultata for landet samla. Det er også laga eigne rapportar for dei regionale helseføretaka (RHF), helseføretak (HF) og kvar enkelt poliklinikk.

Dette er resultata

Dei fleste føresette har gode erfaringar med behandlarane på poliklinikken, sjå figur 1:

  • føresette blir møtt på ein høfleg og respektfull måte
  • behandlarane viser omtanke og omsorg for barnet
  • behandlarane tek føresette sine synspunkt på alvor

Figur 1. Resultat på einskildspørsmål som inngår i spørsmålsgruppa (indikatoren) «Erfaringer» på ein skala frå 1 («ikkje i det hele tatt») til 5 («i svært stor grad»), der 5 er best.

Figur 1.png

Vel halvparten av dei føresette er mindre fornøgde med dette, sjå figur 2:

  • 26 prosent av de foresatte svarte i én av de to mest negative svarkategoriene på spørsmålet om barnets utbytte av behandlingen:  «ikke hadde noe utbytte» eller «lite utbytte» av behandlingen
  • 24 prosent av de foresatte svarte i én av de to mest negative svarkategoriene på spørsmålet om foresattes utbytte av behandlingen ved poliklinikken «ikke hadde noe utbytte» av behandlingen

Figur 2. Resultat på einskildspørsmål som inngår i spørsmålsgruppa (indikatoren) «Erfaringer» på ein skala frå 1 «ikkje i det hele tatt» til 5 «i svært stor grad», der 5 er best.

Figur 2.png

– Både plussar og minusar

Svara frå dei føresette viser at dei fleste har gode erfaringar med korleis behandlarane møter dei og barnet.

– Dei føresette blir møtt med høflegheit og respekt, men dei har i mindre grad fått tilfredsstillande informasjon om behandlingsmoglegheiter og om dei kan påverke val av behandlingsopplegg. Dei fleste gir også mindre positive vurderingar av samarbeidet mellom barne- ungdomspsykiatrisk poliklinikk og andre faglege instansar, seier prosjektleiar Kjersti Eeg Skudal. Ho har gjennomført undersøkinga saman med forskar Olaf Holmboe.

– Kan du seie noko om kvifor ein del av dei føresette ikkje er så fornøgde med einskilde sider ved poliklinikkane?

– Noko av svaret på det spørsmålet kan ein finne i 500 av dei i alt 2573 fritekstkommentarane som føresette har skrivi, og som vi har lese og analysert. I desse kommentarane ser vi at føresette omtalar områda kommunikasjon og informasjon, tida det tek å få ein diagnose, ventetid for å få eit tilbod hos BUP som område dei har hatt negative erfaringar med hos BUP.  Fleire ønskjer seg også meir oppfølgjing og vegleiing enn det dei har fått tilbod om frå poliklinikken, svarar Eeg Skudal.

Fritekstkommentarar: fire av ti er negative

Av i alt 2573 fritekstkommentarar trakk forskarane ut 500 tilfeldige kommentarar.  Av desse er cirka:

  • 40 prosent negative
  • 20 prosent positive
  • 25 prosent både positive og negative
  • 15 prosent nøytrale


På desse områda blei det signalisert rom for betring:

  • kommunikasjon
  • diagnose
  • ventetid på tilbod hos BUP
  • informasjon

Fakta om brukarundersøkinga

Brukarundersøkingar er eit mål på kvalitet og ein del av forbetringsarbeidet i helsetenesta. Denne brukarundersøkinga blei gjort av Folkehelseinstituttet på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Spørjeskjemaet vart hausten 2018 sendt føresette til barn og unge som hadde fått eit tilbod ved ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. 5392 føresette svarte, noko som gir ein svarprosent på 36.

Spørjeskjemaet besto av 39 spørsmål i fem ulike spørsmålsgrupper eller indikatorar.

Dei fem indikatorane er: Ventetid, Erfaringar, Utbytte, Endring og Fornøydhet.

Indikatorane er laga på ein skala frå 0 til 100, der 100 er beste skåre.

Rapportane forklarer tala i den nasjonale kvalitetsindikatoren som Helsedirektoratet publiserte på Helsenorge.no 28. november 2019.