Få varsel ved oppdateringer av «Fastlegane mindre fornøgde med DPS-a enn før»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Fastlegane mindre fornøgde med DPS-a enn før
Oops, noe gikk galt...
... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.
... last inn siden på nytt og prøv igjen.
Nyhet
Fastlegane mindre fornøgde med DPS-a enn før
Publisert
Fastlegane var mindre fornøgde med dei distriktspsykiatriske sentera (DPS-a) i 2018 enn dei var i 2014. Det viser ei ny spørjeundersøking frå Folkehelseinstituttet.

Fastlegane var mindre fornøgde med dei distriktspsykiatriske sentera (DPS-a) i 2018 enn dei var i 2014. Det viser ei ny spørjeundersøking frå Folkehelseinstituttet.
No foreligg Folkehelseinstituttet sin rapport «Fastlegers vurdering av distriktspsykiatriske sentre. Resultater i 2018 og utvikling over tid». Spørjeundersøkinga var retta til alle fastlegar.
Resultatet viser at den positive utviklinga frå tilsvarande undersøking i 2006, 2008, 2011 og 2014 er avløyst av ein tydeleg tilbakegang på fleire område.
Figur 1: Prosentvis fordeling av svar på spørsmålet «Alt i alt, hvor misfornøyd eller fornøyd er du med DPS-et?»

Kilde: «Fastlegers vurdering av distriktspsykiatriske sentre. Resultater i 2018 og utvikling over tid», Folkehelseinstituttet november 2019.
Opplever samarbeid og rettleiing mindre bra
Figur 2: Gjennomsnittsskårer på indikatorene i 2018. Skala fra 0 til 100, hvor 100 er best.

Fastlegane vurderer DPS-a sine tilbod til fastlegane om samarbeidsmøte og rettleiing som mindre bra, men dei vurderer epikrisene frå DPS-a som gode og at dei tilsette der har god kompetanse.
Rapporten viser resultat for landet samla. Det er og laga eigne rapporter for dei regionale helseføretaka (RHF), helseføretaka (HF) og kvart enkelt DPS.
– Fastlegane sine svar i undersøkinga tyder på at det har skjedd ei negativ utvikling på nasjonalt nivå når det gjeld samhandlinga mellom fastlegane og dei distriktspsykiatriske sentera. I følge undersøkinga er utviklinga negativ også når det gjeld tilgangen til spesialiserte tenester for personar med psykiske lidingar. Men det er forskjellar på lokalt nivå, seier seniorforskar Ingeborg Strømseng Sjetne ved Folkehelseinstituttet.
Vurderte sitt samarbeids-DPS
Figur 3: Gjennomsnittsskårer på indikatorene i 2006, 2008, 2011, 2014 og 2018. Skala fra 0 til 100, hvor 100 er best.

Det er femte gong undersøkinga er gjennomført. Alle fastlegar i landet blei inviterte til å dele erfaringane sine med det DPS-et dei til vanleg viser dei vaksne pasientane sine til. Det var 2509 fastlegar som svarte på undersøkinga som blei avslutta våren 2019. Det gir ein svarprosent på 54.
I rapporten er 21 enkeltspørsmål samla til sju ulike spørsmålsgrupper. Gruppene vert kalla indikatorar, og einingane kan oppnå ein skår frå 0 til 100 på dei.
Tabell frå rapporten:
Indikator |
Grunnlag for berekning |
Tilvising |
Tre spørsmål om tilgang for pasientar og for fastlegens vurderingar |
Kompetanse |
Fire spørsmål om fastlegen sin vurdering av de ansatte sin faglege kompetanse |
Akutte situasjonar |
To spørsmål om fastlegen får kontakt og bistand i akutte situasjonar |
Rettleiing |
Tre spørsmål om samarbeidsmøter, rettleiing og støtte |
Ventetid |
To spørsmål om pasientane si ventetid på utgreiing og på behandling |
Epikriser |
Tre spørsmål om DPS-et sine epikrisar kommer raskt og er gode |
Bemanning |
Fire spørsmål om rekruttering og stabilitet i DPS-et si ansattegruppe |
På nasjonalt nivå er det indikatorane Kompetanse og Epikrisar som har fått høgast skår, på 55. Rettleiing har fått lågast skår, på 32. Med unntak av indikatoren Ventetid, kor det ikkje er statistisk signifikant endring frå forrige undersøking, er det tilbakegang på dei seks andre indikatorane.
Nedgangen er størst på Tilvising, der skåren for landet samla har falle frå 52 til 46 sidan 2014. Tilvising er også det området som har sterkast samanheng med svaret på kor nøgde fastlegane er med DPS-et, og kan vere eit startpunkt for forbetringsarbeid for DPS-a.
Helse Midt-Norge får best tilbakemelding
Samanlikning av resultatet frå det enkelte RHF-et med gjennomsnittet for alle RHF-a, viser at:
- vurderingane frå fastlegane i Helse Midt-Norge RHF er betre enn gjennomsnittet for RHF-a på fire av dei sju indikatorane
- vurderingar frå fastlegar i Helse Nord RHF er lågare enn gjennomsnittet på fem av indikatorane
- resultatet for Helse Vest RHF og Helse Sør-Øst RHF ikkje skil seg statistisk signifikant frå gjennomsnittet på nokon av indikatorane.
- det er størst forskjell mellom helseføretaka (tolv trinn på skala frå 0 til 100) på indikatorane Rettleiing og Akutte situasjonar, og minst forskjell (fem trinn) på Ventetid.
Samanlikning av resultata frå 2018 med 2014:
- Skåra for Helse Sør-Øst RHF i 2018 er statistisk signifikant lågare enn i 2014 på indikatorane Rettleiing og Tilvising.
- I Helse Vest RHF er skåra lågare på alle indikatorane med unntak av Rettleiing, som er uendra.
- I Helse Midt-Norge RHF er det nedgang frå 2014 på fem indikatorar, unntaket (med inga endring) er Ventetid og Akutte situasjonarpasienten det gjeld har blitt tatt inn til vurdering først.
– Mange var også oppgitte over at spesialistane på DPS-a kan være svært vanskelege å få tak i for å få faglege råd, og at tilgangen til lokale avtalespesialistar heller ikkje er særlig god, avsluttar Sjetne.