Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Årsrapport 2018 om helsetenesteassosierte infeksjonar, antibiotikabruk, antibiotikaresistens og Verdas handhygienedag

Publisert

Møte mellom pasient og helsepersonell
Illustrasjonsfoto: Folkehelseinstituttet

Førekomsten av resistente bakteriar er framleis låg i Noreg samanlikna med mange andre land. Betre smitteverntiltak, som handhygiene og redusert antibiotikabruk, er framleis viktig i tida framover. Dette viser årsrapportering for 2018 frå Folkehelseinstituttet.


Har du funnet en feil?

Tre rapporteringar er samla i éin årsrapport med  resultat frå Norsk overvakingssystem av antibiotikabruk og helsetenesteassosierte infeksjonar (NOIS), frå overvakinga av antibiotikaresistente bakteriar i Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS),  oppsummering av markeringa av Verdas handhygienedag 5. mai.

Antibiotikaresistens gir auka risiko for  behandlingssvikt og blir rekna som ein av dei alvorlegaste truslane mot den globale folkehelsa. Restriktiv bruk av antibiotika er eitt tiltak for å hindre utvikling av antibiotikaresistens. I tillegg hindrar eit godt gjennomført  smittevern spreiing av resistente bakteriar. Derfor er årsrapporteringa om antibiotikaresistens, bruk av antibiotika og oppslutninga om handhygienedagen samla i éin rapport.  

Årsrapport 2018 Helsetjenesteassosierte infeksjoner, antibiotikabruk (NOIS), antibiotikaresistens (MSIS) og Verdens håndhygienedag

Antibiotikaresistente bakteriar: framleis låg førekomst i Noreg

Både friske berarar av resistente bakteriar og pasientar med infeksjonar blir melde til   Meldingssystem for smittsame sjukdommar ( MSIS).

Over tid har det totalt sett vore ein auke i melde tilfelle av infeksjonar og berarskap, men utviklinga har vore noko ulik mellom dei ulike typane resistente bakteriar som blir overvaka .

– Omfattande  smitteverntiltak for å hindre at  resistente bakteriar etablerer seg i sjukehus og sjukeheimar, har saman med ein restriktiv antibiotikabruk ført til at Noreg framleis har ein låg førekomst av resistente bakteriar samanlikna med mange andre land, seier avdelingsdirektør Hanne Merete Eriksen i Folkehelseinstituttet. Årsrapporten viser at:

  • Det har vore ei utflating i talet på melde tilfelle (berarskap og infeksjon) av  meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA) per 100 000 innbyggarar dei to siste åra. Det same ser ein i talet på melde tilfelle av MRSA-infeksjon dei fire siste åra. Etter fleire år med auka antal personar som er berarar av MRSA, var det ein nedgang i 2018.
  • Personar som har fått påvist vankomycinresistente enterokokkar (VRE), er i hovudsak knytt til kjende utbrot i norske sjukehus. Talet på utbrot, og omfanget av desse, var i 2018 på same nivå som tidlegare år, med unntak av 2017 der det var fleire utbrot. I 2018 blei det meldt om 14 personar (6 prosent av alle med VRE) med VRE-infeksjon, medan dei andre var berarar av bakterien.
  • Talet på personar som blei diagnostisert med karbapenemase-produserande bakteriar (KPB) i 2018, var i Noreg lågt samanlikna med dei fleste land i Europa, men førekomsten er aukande både for melde infeksjonar og berartilstand. Personar som har fått påvist KPB, var i hovudsak smitta i andre land og oppdaga i samband med opphald i norske sjukehus.

Antibiotikabruk i sjukehus og sjukeheimar

Bruken av antibiotika i sjukehus og sjukeheim var hovudsakleg i samsvar med dei nasjonale faglege retningslinjene frå Helsedirektoratet, viser data frå prevalensundersøkingane i NOIS om antibiotikabruk og helsetenesteassosierte infeksjonar. I sjukehus vart likevel breispektra antibiotikum hyppigare brukt til behandling av alvorlege nedre luftvegsinfeksjonar enn behandlingsalternativ som er mindre resistensdrivande, også når desse er sidestilte i den faglege retningslinja.

  • Nesten 30 prosent av pasientane i sjukehus og 6 prosent av dei som bur på sjukeheim, fekk antibiotikum på undersøkingsdagane i 2018.
  • Den hyppigaste årsaka til antibiotikabruken i sjukehus, var behandling av nedre luftvegsinfeksjonar. I sjukeheimar var førebygging og behandling av urinvegsinfeksjonar den hyppigaste årsaka. Omtrent ein fjerdedel av antibiotikaforskrivingane i sjukehus gjaldt helsetenesteassosierte infeksjonar.

Overforbruk og anna feilbruk av antibiotikum kan bidra til at bakteriar blir resistente mot medikamenta. Breispektra antibiotikum, som er verksame mot fleire typar bakteriar, er spesielt resistensdrivande.

  • Breispektra antibiotika utgjorde omtrent 30 prosent av forskrivinga i sjukehus, og nesten 8 prosent i sjukeheimar.

Helsetenesteassosierte infeksjonar: noko nedgang

Prevalensundersøkingane i 2018 viste at omtrent 4 prosent av pasientane i sjukehus og nesten 5 prosent av bebuarane i sjukeheimar hadde ein  helsetenesteassosiert infeksjon på  undersøkingsdagene. Førekomsten har gått noko ned dei seinare åra, men framleis blir mange pasientar/ bebuarar ramma.

– For å førebygge helsetenesteassosierte infeksjonar bør helseinstitusjonane ha nødvendige smitteverntiltak på plass og bruke eigne overvakingsresultat aktivt for å tilpasse tiltaka best mogleg, seier Eriksen.

  • Av infeksjonstypane som blei registrerte i prevalensundersøkingane, var infeksjonar etter kirurgiske inngrep hyppigast i sjukehusa. Urinvegsinfeksjonar var hyppigast i sjukeheimane.
  • Overvakinga av infeksjonar etter kirurgiske inngrep (insidensen) viste at førekomsten av infeksjonar varierte mellom ulike typar inngrep, frå under 2 prosent etter  innsetting av totalprotese i  hofte til 13 prosent etter open tykktarmskirurgi. Over 43 prosent av infeksjonane var alvorlege. Heile 76 prosent av infeksjonane oppstod etter at pasienten var utskriven frå sjukehus.

Handhygiene er eit viktig tiltak for å førebygge sjukdom og resistens

Riktig utført handhygiene er eit enkelt og viktig tiltak for å hindre spreiing av mikrobar, også dei som er antibiotikaresistente og/eller sjukdomsframkallende. Resistente bakteriar er normalt ikkje meir sjukdomsframkallande enn dei som er kjenslevare mot antibiotikum, men det kan vere utfordrande å finne effektiv behandling av infeksjonar som skuldast resistente bakteriar.

Handhygiene førebygger også dei helsetenesteassosierte infeksjonane, det vil seie infeksjonar som kjem av opphald eller behandling i ein helseinstitusjon. Slike infeksjonar påfører pasientar/ bebuarane liding og i verste fall auka risiko for død. Ved å førebygge  helsetenesteassosierte infeksjonar vil pasientsikkerheita betrast.

– Færre  helsetenesteassosierte infeksjonar vil også føre til redusert bruk av antibiotika, og dermed redusert risiko for resistensutvikling, understrekar Hanne-Merete Eriksen.

Nasjonal markering av Verdas  handhygienedag

For å betre handhygienen blant helsepersonell introduserte Verdas helseorganisasjon (WHO) i 2009 den 5. mai som Verdas handhygienedag. I 2018 fokuserte den nasjonale markeringa av dagen  på handhygiene i kampen mot  antibiotikaresistens.

Det blei laga undervisningsfilmar, plakatar og quiz om temaet. Vidare blei helsepersonell oppfordra til å kartlegge kor tilgjengelege handhygienefasilitetane er og i kva grad helsepersonell etterlever tilrådingane om ikkje å bruke ringar og armbandsur på jobb.

  • Mange einingar frå ulike delar av helsetenesta deltok i markeringa av dagen i 2018, og 258 av desse melde om stor aktivitet. For dei fleste innebar dei lokale aktivitetane bruk av plakatar (88 prosent), quiz (50 prosent), bruk av filmar produsert om temaet (44 prosent) og undervisningsopplegg (41 prosent).