Hopp til innhold

Nyhet

Andelen influensavaksinerte blant personar over 65 år viser jamn auke

Publisert

Andelen influensavaksinerte eldre i sesongen 2018-2019 på bydels-, kommune-, fylkes- og landsnivå er no tilgjengeleg i Kommunehelsa statistikkbank. Registreringa er mangelfull, men stadfestar at stadig fleire i risikogruppa tar influensavaksine.

Illustrasjonsbilde influensa
Illustrasjonsbilde influensa. Foto: NTB/Scanpix

Andelen influensavaksinerte eldre i sesongen 2018-2019 på bydels-, kommune-, fylkes- og landsnivå er no tilgjengeleg i Kommunehelsa statistikkbank. Registreringa er mangelfull, men stadfestar at stadig fleire i risikogruppa tar influensavaksine.


Data er henta frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK og viser andelen registrerte influensavaksinerte blant personar over 65 år i kommunen der dei er folkeregistrert. Slike data blei første gong publisert i Folkehelseprofilane og statistikkbankane i 2017. Sidan då har andelen registrerte vaksinerte blant eldre auka markant frå 24 prosent til 38 prosent.

Bilde1_pk.png

Figur 1 visar andelen vaksinerte over 65 år som er registrert i SYSVAK dei siste fire influensasesongane. Personar over 65 år er ei vesentleg risikogruppe for alvorleg influensasjukdom. Målsettinga er at minst 75 prosent årleg tar influensavaksine.

Mangelfull registrering av vaksinerte

Andelen vaksinerte som blir registrert i SYSVAK varierer mykje mellom kommunar og mellom fylke.

– Mykje av forskjellane kan forklarast med manglande registrering av dei vaksinasjonane som blir gjort, sjølv om vi trur at tala òg reflekterer reelle forskjellar. Dette betyr at registreringane i SYSVAK utgjer eit minimumsantal av dei vaksinerte, seier seniorrådgivar Kjersti Rydland ved Folkehelseinstituttet.

Avviket mellom antalet på vaksinedosar som blir distribuert i Noreg og antalet som blir registrert som sett er med på å illustrere dette (figur 2). Noko av forskjellen kjem av at ikkje alle vaksinar blir brukt, men dette utgjer ein veldig liten del av den totale mengda vaksinar som er sendt ut.

Tal frå årlege spørreundersøkingar utført av SSB viser at det er eit avvik mellom andelen som seier dei har tatt vaksinen og andelen som er registrert i SYSVAK. Av personar i aldersgruppa 65–79 år svarer 48 prosent i SSB si undersøking frå sesongen 2018/19 at dei er vaksinerte, mot 38 prosent som er registrert i SYSVAK. Dette viser at andelen vaksinerte er høgare enn tala som blir henta frå SYSVAK.

– Vi minner om at influensavaksinering skal registrerast i SYSVAK dersom den som blir vaksinert samtykkar til dette. Vaksinatørane har plikt til å gje informasjon om registreringa og at det blir innhenta samtykke, seier Rydland.

Bilde2_pk.png

Figur 2: Antal distribuerte og registrerte influensavaksinedosar frå sesongen 2015/16 til sesongen 2018/19

Utsira nærmar seg målet på 75 prosent

Nokre kommunar er likevel veldig flinke til både å få vaksinert og registrert vaksinen blant innbyggarane. I 2018/19- sesongen var det Utsira som hadde den høgaste andelen vaksinerte blant befolkninga over 65 år, med 72,5 prosent. Dei har òg hatt den høgaste andelen vaksinerte dei siste fire åra.

Akershus og Rogaland er dei fylka som har registrert høgast andel vaksinerte blant innbyggarane sine over 65 år - begge med 43 prosent. Finnmark og Troms har den lågaste andelen registrerte vaksinerte med 28 og 29 prosent.

Bilde3_pk.png

Figur 3: Andel vaksinerte over 65 år sesongen 2018/18 etter bustadfylke

For å finne ut kor stor andel av personar over 65 år som er vaksinert mot influensa i kommunen din kan du gå inn på Kommunehelsa statistikkbank. Tala ligg under Helsetilstand - Vaksinasjon. Her kan du òg finna tal for bydelar, fylke og for heile landet.