Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Utbrot av kusma blant unge vaksne

Fem sjukdomstilfelle av kusma blant unge vaksne er melde til Folkehelseinstituttet i løpet av sommaren. Dei sjuke deltok på Trænafestivalen 5.–8. juli 2018, Heimfestivalen 26.–28. juli, eller har hatt kontakt med festivaldeltakarar. Folkehelseinstituttet reknar med at det kan komme fleire tilfelle dei neste vekene.

konsert. Colourbox.com
konsert. Colourbox.com

Det har tidlegare vore utbrot av kusma blant unge vaksne, både i Noreg og i andre land. I 2015 og 2016 var det eit utbrot av kusma i studentmiljø fleire stader i landet, og 232 tilfelle blei melde. Dei fleste av dei sjuke i desse utbrota har blitt vaksinerte som barn.

– Immuniteten mot kusma kan minske med tida, og vaksinen vernar truleg dårlegare mot enkelte undergrupper av kusmaviruset. Festivallivet fører mange menneske tett saman. Det er fortsatt fleire festivalar på programmet, og snart opnast dørene til universitet og høgskular. Det er difor grunn til å minne helsetenesta om moglegheita for kusma hos unge vaksne, seier overlege Are S. Berg i Folkehelseinstituttet.

Kusma smittar ved dråpesmitte eller direkte kontakt med spytt. Inkubasjonstida for kusma er to til tre veker. Dei vanlegaste symptoma er moderat feber i om lag eitt døgn før spyttkjertlane hovnar opp. Det er anbefalt at helsetenesta tar både serologisk prøve og spyttprøve for diagnostikk av kusma, sjå Smittevernveilederen.

Personar med symptom på kusma eller som er i tvil om dei er smitta bør kontakte fastlegen. Ved utbrot av kusma er det anbefalt at dei som har vore i nær kontakt med sjuke blir tilbode MMR-vaksine dersom dei ikkje allereie er fullvaksinerte. Viss det er gått mange år sidan dose nummer to, kan desse nærkontaktane bli tilbode ein tredje vaksinedose. Som nærkontaktar reknast husstandsmedlem, partnarar, eller andre som har hatt mykje nærkontakt med den sjuke. Vaksinen har liten eller ingen effekt viss ein allereie er smitta, men ved ny smittekontakt kan vaksina verna mot smitte frå nye tilfelle som måtte komme.