Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Unge kvinner må hugse alle tre dosane med HPV-vaksine

Nye tal frå Folkehelseinstituttet viser at unge kvinner fortset å takke ja til gratis HPV-vaksine. Nå har over 90 000 tatt imot tilbodet om vaksinen. Dei som har starta vaksinering, må hugse å ta alle tre dosane for å få full beskyttelse.

Bilde OBS gratis vaksine mot HPV.PNG

Unge kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, har tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Tilbodet er midlertidig og vaksinering må starte seinast i desember 2018, og den siste av dei tre dosene må vere tatt innan 1. juli 2019.

 Vaksinen som blir gitt til unge kvinner, har vist å gi rundt 90 prosent beskyttelse mot alvorlege celleforandringar hos kvinner som ikkje var smitta med HPV på vaksineringstidspunktet, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege ved Folkehelseinstituttet.

Tre doser skal til for å få full effekt

Tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK viser at 93 312 kvinner har tatt imot tilbodet om HPV-vaksine sidan tilbodet starta 1. november 2016 og fram til 31. januar 2018.

– Det er gledeleg at så mange unge kvinner dreg nytte av vaksinetilbodet. Det som er viktig no, er at alle som har starta vaksinering, hugsar å ta alle dei tre dosane slik at dei får full effekt av vaksinen og dermed beskyttelse mot livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft, seier Greve-Isdahl.

Det skal gå minst ein månad mellom første og andre dose, vidare skal det gå minst fem månader mellom andre og tredje dose.

– Mange unge kvinner spør om dei må starte vaksineringa på nytt dersom det har gått meir enn fem månadar mellom andre og tredje dosen. Det treng dei ikkje, fem månadar er et minimumsintervall. Samstundes har ein ikkje full beskyttelse før alle dosane er sette, slik at ein skal ikkje utsette unødvendig, avsluttar Greve-Isdahl.

Mottatte biverknadsmeldingar etter vaksinering med Cervarix

Statens legemiddelverk (SLV) har godkjent HPV-vaksinen Cervarix etter ei grundig vurdering av effekt og biverknader. Folkehelseinstituttet har per 31. januar mottatt 87 meldingar frå helsepersonell om mistenkte biverknader sidan 1. november 2016. Melde biverknader gjeld i hovudsak milde og forbigåande symptom som er godt kjende frå før, slik som smerter på stikkstaden og i injeksjonsarmen, hovudpine, svimmelheit, generell sjukdomsfølelse ofte med feber, utslett og kløe. Desse symptoma går over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar.

Dei melde biverknadene gir ikkje grunnlag for å endre anbefalinga om HPV-vaksine til unge kvinner.

Medan Folkehelseinstituttet behandlar alle meldingar frå helsepersonell, mottar Statens legemiddelverk (SLV) også pasientmeldingar og meldingar frå produsentane. SLV publiserer full oversikt over alle meldingar om mistenkte biverknader, og neste kvartalsrapport kjem i mars 2018. Den sist tilgjengelege rapporten finn du på nettsida til Statens legemiddelverk, HPV-vaksine og biverknader.

Bilde noen HPV-typer kan gi kreft.PNG