Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Betra laboratoriemetodikk avdekka fleire infeksjonar med smitte frå mat, vatn og dyr i 2017

Talet på melde infeksjonar som smittar via mat og vatn, auka i 2017. Antal harepest-tilfelle dobla seg samanlikna med året før. Elles kan mykje av auken forklarast med endra medlingskriterium og auka bruk av ny type diagnostikk, viser årsrapporten for 2017.

Reagensrør i laboratorieomgivelser
Betre laboratorietestar avdekkar fleire infeksjonar som skuldast smitte frå mat, vatn, dyr og vektorar som mygg og flått. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

- Fleire pasientar blir no testa rutinemessig for mat- og vassborne sjukdomar, og fordi  fleire blir testa med laboratorieprøver, blir det også  avdekka fleire tilfelle, seier Line Vold, avdelingsdirektør for avdeling for smitte frå mat, vatn og dyr ved Folkehelseinstituttet.

Kriteria for melding av sjukdomstilfelle og ny metodikk på laboratoria har for enkelte sjukdomar gitt store utslag for antal melde sjukdomstilfelle i 2017, seier ho.

E. coli-bakteriar:

  • Talet på personar som har fått EHEC-sjukdom av E. coli-bakteriar, har auka jamt dei siste 10-15 åra. I 2017 vart det meldt 405 sjukdomstilfelle, mot 239 i 2016. Antall tilfelle som utviklar hemolytisk-uremisk syndrom, ein alvorleg komplikasjon til EHEC-sjukdom, er framleis lågt. Halvparten av dei melde EHEC-tilfella er variantar som ikkje gir alvorleg sjukdom.
  • Talet på personar som har fått annan mage-tarmsjukdom med E.coli enn EHEC, auka til 901 i 2017, mot 232 i 2016 . Denne store auken kan hovudsakleg forklarast med endra meldingskriterium til Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS), og at det er fleire pasientar og prøver som vert undersøkt.

Harepest:

  • Talet på personar som fekk harepest (tularemi) vart i 2017 tilnærma dobla samanlikna med tidlegare år. Talet er likevel godt under det som vart meldt i samband med tularemi-utbrotet i 2011. Auken i 2017 heng truleg saman med at det var ein høg førekomst av smågnagarar på Austlandet og Sørlandet dette året.

Parasittar, flåttboren sjukdom og malaria:

  • Auken i talet på personar som har blitt sjuke med parasitt-infeksjonane giardiasis og cryptosporidiose, heldt fram i fjor. Auken kan forklarast med betre diagnostikk, og at ein har byrja å undersøkja fleire pasientar for desse smittestoffa.
  • For Lyme borreliose (flåttsjukdomen borreliose) var det ein liten auke samanlikna med 2016, men nivået er det same som i 2015.
  • Førekomsten av skogflåttencefalitt (hjernebetennelse) er på line med tidlegare år. Dei fleste pasientane var smitta innanlands.
  • Alle sjukdomstilfella av malaria og denguefeber var knytte til utanlandsopphald, og talet på melde tilfelle i 2017 var lågare enn føregåande år.
  • Når det gjeld andre eksotiske, vektorbårne sjukdomar, vart det meldt 5 tilfelle av zikafeber. Pasientane var smitta i Sør-Amerika og Asia. For første gong sidan 1998 vart det meldt eitt tilfelle av japansk encefalitt-virus, også dette smittetilfellet var knytt til utanlandsopphald.

Andre mikrobar:

  • Insidensraten for salmonellose (sjukdomstilfelle per 100 000 innbyggjarar) var noko høgare i 2017 enn året før. Talet på melde sjukdomstilfelle er likevel enno godt under gjennomsnittet for dei siste ti åra. Sidan 2009 har det vore ein trend med stadig færre årlege sjukdomstilfelle.
  • Talet på melde sjukdomstilfelle av campylobacteriose er på line med føregåande år, når ein ser alle variasjonar under eitt. 

Viktig å overvaka

Smitte frå vatn, mat og dyr er eit stort helseproblem internasjonalt. Samanlikna med andre land er Noreg i ein gunstig situasjon når det gjeld slik smitte.

Ein betydeleg del av tilfella som vert registrert i Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS) ved Folkehelseinstituttet, skuldast smitta på reiser eller opphald i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og næringsmiddel som er produsert i Noreg, er relative låg samanlikna med dei fleste andre land.

Den gunstige situasjonen i Noreg kan raskt bli endra dersom vi ikkje heile tida overvaker situasjonen og set i verk naudsynte tiltak når det er behov for det. Sjukdomar som no er under kontroll, kan lett blussa opp på nytt.

Faktorar som påverkar situasjonen

Dette påverkar førekomsten av mat og vassborne sjukdomar hos oss:

  • fleire mottakelege personar i befolkninga, særleg fleire eldre og personar med dårleg immunforsvar
  • auka internasjonal handel med mat og nye matvanar
  • nye produksjonsrutinar
  • klima- og miljøendringar

Den rapporterte førekomsten av vektorborne sjukdomar, til dømes sjukdomar som smittar via flått eller mygg, vert påverka av:

  • auka merksemd om sjukdomane
  • endringar i reiseaktivitet; fleire utanlandsreiser og fleire eksotiske reisemål
  • klimatiske tilhøve som kan påverka utbreiing av vektorar som flått og mygg
  • introduksjon av nye vektorar og smittestoff

Talet på tilfelle som vert melde til overvakingssystemet vil òg påverkast av

  • endringar i meldingskriterium
  • endringar i laboratorierutinar og tilgjengeleg diagnostikk

Les heile rapporten Overvåking av infeksjonssjukdomar som smittar frå mat, vatn og dyr, inkludert vektorbårne sjukdomar.

 

Relaterte saker