Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Resultat frå Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018

Snusing har overteke for røyking. To av tre meiner at tilgang til natur- og friluftsområde er viktig for å trivast. Dette er to av funna i Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018.

utsyn over bergen, hordaland
Bydelar i Bergen og kommunar i Hordaland får resultat frå fylkeshelseundersøkinga 2018.. Colorbox.com

Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018  vart planlagt og gjennomført som eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Hordaland fylkeskommune.

Resultata viser blant anna at dei eldre stort sett har det betre enn dei yngre på mange område, at snusing nesten fullstendig har erstatta røyking blant unge vaksne, og at tilgang på grøntområde er viktig. Eit anna interessant funn er at kjensla av å ha god balanse mellom arbeid og privatliv går ned med aukande utdanningsnivå.

Utan papirskjema

Folkehelseundersøkinga i Hordaland er den første heilelektroniske fylkeshelseundersøkinga. 70 000 hordalendingar vart tidlegare i år inviterte via sms og e-post med lenke til spørjeskjema.

Den førre fylkeshelseundersøkinga vart gjennomført i Agder og Vestfold, her vart det nytta papirskjema.

-  Vi ser at svarprosenten er vel 40 prosent i Hordaland, som er om lag den same som i Vestfold og Agder. Det tyder på at vi ikkje taper deltakararar ved å bruke elektronisk skjema i staden for papir, seier prosjektleiar Thomas S. Nilsen ved Folkehelseinstituttet.

To elektroniske løysingar var nytta i Hordaland. Erfaringane vil bli analyserte nærare slik at neste fylke som skal gjennomføre ei fylkeshelseundersøking, får betre grunnlag for å velje ei god løysing for sitt fylke.

- Ein vitskapleg artikkel som samanliknar resultata frå dei to datainnsamlingane som er gjennomførde i Hordaland, vil om kort tid bli send inn for publisering i fagtidsskrift. Data vil bli analysert vidare, og det vil etter kvart komme nye publikasjonar frå undersøkinga i Hordaland, seier avdelingsdirektør Leiv Edvard Aarø, Folkehelseinstituttet.

Rapport med tal for kommunar og bydelar

Folkehelseinstituttet har laga ein 240-siders rapport frå undersøkinga i Hordaland. Der blir mål på helse og trivsel, helserelatert åtferd, ulike sider ved nærmiljøet og ei rekkje andre forhold analyserte mot kjønn, alder, utdanning og geografi, det vil seie kommunar i Hordaland og bydelar i Bergen.

Folkehelseundersøkingane i fylka vil bli eit viktig grunnlag for folkehelsearbeidet i fylke og kommunar.