Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Råd til reinjegarar på Svalbard

Dei som tek del i reinjakta på Svalbard mellom 15. august og 20 september, må vere merksame på at det kan vere rabies blant reinsdyra. Sysselmannen har publisert råd til jegarane.

Illustrasjonsfoto av Svalbardrein. Foto Knut Madslien, Veterinærinstituttet
Illustrasjonsfoto av Svalbardrein. Foto Knut Madslien, Veterinærinstituttet

Det er påvist rabies hos ein rein ved Ny-Ålesund på Svalbard. I mai i år blei det også påvist rabies hos ein fjellrev på øya Hopen.

Dei siste åra har Folkehelseinstituttet anbefalt rabiesvaksinasjon til alle fastbuande og tilreisande som kan kome i direkte kontakt med ville pattedyr på Svalbard. 

Det er så langt aldri påvist rabies hos menneske på Svalbard, men i samband med utbrot hos dyr er det ein liten, men reell fare for smitte til menneske dersom det blir skote eit tilsynelatande friskt reinsdyr som er i ein tidleg fase av rabiessjukdom.

Sysselmannen på Svalbard har difor publisert råd frå Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet om korleis jegarar kan redusere risikoen for rabiessmitte under reinjakta.

Det er blant anna tilrådd at det berre er jegerar som er vaksinerte mot rabies, og som kan følgje tilrådde smitteførebyggjande tiltak i slaktinga, som tek del i jakta.

Viktig informasjon til deg som skal jakte rein (Sysselmannen, Svalbard)

Rabies (Smittevernboka)