Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Rabies hos fjellrev på Svalbard

Det er påvist rabies hos fire fjellrev på Svalbard. Det er så langt aldri blitt påvist rabies hos menneske på Svalbard.

Påvist rabies hos polarrev/fjellrev
Påvist rabies hos polarrev/fjellrev. COLOURBOX.com

I mai blei rabies påvist hos ein fjellrev på Hopen som er ei øy knytt til Svalbard. Reven angreip og beit to polarhundar ved Hopen forskingsstasjon, og blei så biten i hel av den eine hunden. Hendinga blei observert av personell på stasjonen, og reven blei sendt inn for analyse til Veterinærinstituttet.

I september testa tre nye rev positivt for rabies. Det tre blei funne daude i områda Heleysundet, Vindodden og Ebeltofthamn.

Den 1. november starter jakta på fjellrev på Svalbard. Folkehelseinstituttet råder at alle som deltek i fangsten bør vere fullvaksinerte mot rabies. Råd til revejegerar er publisert på nettsida til Sysselmannen. 

Råd ved mistanke om smitte

Personar som har blitt bitne eller fått sår av kontakt med dyr som er mistenkt å vere smitta av rabies, bør så raskt som mogleg ta kontakt med lege for råd og vaksine. Personar som har blitt slikka eller bitne av ein hund som i løpet av dei siste to døgn har vore i kontakt med mistenkte dyr, bør òg kontakte lege for å vurdere behov for vaksine.

Det har aldri blitt påvist rabies hos menneske på Svalbard. Besøkande og fastbuande som kan kome i direkte kontakt med ville pattedyr på Svalbard, bør ta vaksine. Folk bør unngå kontakt med ville dyr generelt, og spesielt halde avstand til daude dyr og dyr som oppfører seg unormalt. Alle som har hatt kontakt med dyr som kan vere smitta bør kontakte lege så raskt som mogleg.

Om rabies

Sjukdomen skuldast rabiesvirus og er først og fremst ein sjukdom hos dyr. Han kan òg smitte til menneske. Rabies finst i alle verdsdelar med unntak av Antarktis.

Sjukdomen finst i industrialiserte land hovudsakleg hos ville dyrearter, for eksempel  rev og flaggermus, og viruset kan spreiast til husdyr og menneske. I lavinnkomstland finst sjukdomen hovudsakleg hos hundar (inkludert kvalpar) og smitter til menneske gjennom hundebitt.

Historikk

Rabies blir  sporadisk påvist hos dyr på Svalbard, og siste utbrot var i 2011 då det blei påvist hos fire fjellrev og nokre reinsdyr. I år har rabies blitt påvist hos fire fjellrev og eitt reinsdyr. Rabies blei første gong påvist hos dyr på Svalbard i 1980. Ingen tilfelle blei rapportert i perioden 1999-2010, til trass for omfattande undersøkingar av reveskrottar. Fastlands-Noreg er fritt for rabies.