Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Ebolautbrotet i Kongo

Publisert Oppdatert

CDC, Frederick Murphy
CDC, Frederick Murphy

Verdas helseorganisasjon (WHO) og kongolesiske helsestyresmakter kjempar mot ebolautbrotet i Den demokratiske republikken Kongo. Tryggleiksituasjonen i landet gjer utbrotsarbeidet krevjande.


Har du funnet en feil?

Den 1. august 2018 erklærte helsedepartementet i Kongo eit nytt utbrot av ebola. Det nye utbrotet som starta i Nord-Kivu-provinsen kom berre få veker etter at det forrige utbrotet i Equateur-provinsen var over. Etter ein periode med framgang i arbeidet med å stoppe dette siste utbrotet, melder Verdas helseorganisasjon (WHO) om auka problem med responsen grunna tryggleiken i området.

Det er no meldt over 2500 tilfelle knytt til utbrotet. Fram til 17. juli 2019 er det meldt om 2418 stadfesta tilfelle og 94 mistenkte tilfelle. Det er registrert totalt 1676 dødsfall. Av desse er 1582 blant dei stadfesta tilfella og 94 blant dei mistenkte tilfella. 135 av sjukdomstilfella var blant helsepersonell. Omlag 163 000 personer er vaksinerte mot ebola sidan starten av utbrotet.

Frå midten av oktober 2018 til mars 2019 blei det rapportert omlag 30 til 40 nye tilfelle kvar veke. Sidan starten av mars har det vore ei auke i rapporterte tilfelle, med om lag 60 til 100 tilfelle rapportert kvar veke. Utbrotet er i hovudsak avgrensa til to provinsar (Ituri og Nord-Kivu, nordaust i landet). Den 14. juli 2019 blei det første tilfellet av ebola registrert i millionbyen Goma, hovudstaden i Nord-Kivu. I juni blei det påvist tre tilfelle av sjukdomen i Uganda; alle tre var smitta i Den demokratiske republikken Kongo og reiste til Uganda. Dette var første gong at smitte frå ebolautbrotet i Den demokratiske republikken Kongo spreidde seg til eit naboland, men ingen vidare spreiing har skjedd etter den hendinga.

Utbrotet er i eit område som er prega av politisk uro, og nokre mindre delar av befolkninga motset seg responsarbeidet. Implementering av kontrolltiltak i utbrotsområdet er utfordrande på grunn av den langvarige humanitære krisa og den ustabile sikkerhetssituasjonen. Dette er knytt til den pågåande væpna konflikten i området. WHO vurderer at risikoen for internasjonal spreiing er låg, mens risikoen for spreiing nasjonalt og regionalt er svært høg.

– Risikoen for spreiing til Noreg blir framleis vurdert som svært låg, men Folkehelseinstituttet følgjer utviklinga nøye gjennom meldingar frå WHO og dei internasjonale faglege nettverka, seier lege Helena Niemi Eide ved Folkehelseinstituttet.

Dette er det tiande utbrotet av ebola som er påvist i Kongo. Dei siste åra har det jamleg vore rapportert om lokale, avgrensa ebolautbrot.

WHO-komité har vurdert situasjonen

Ein komité nedsett av WHO (Health Emergency Committee) har vore samla fire gongar sidan starten av utbrotet for å vurdere om det skulle erklærast som ei internasjonal folkehelsekrise. Konklusjonen frå det siste møtet den 17. juli 2019 er at utbrotet av ebola i Den demokratiske republikken Kongo er ei internasjonal folkehelsekrise, såkalla PHEIC eller Public Health Emergency of International Concern.

Reiseråda er uendra

WHO har ikkje tilrådd restriksjonar for reisande til eller frå landet. Norske helsestyresmakter frårår heller ikkje reiser til Den demokratiske republikken Kongo på grunn av ebolautbrotet, men tilrår generelt at dei som reiser til Kongo unngår unødvendige reiser inn i områda der det pågår ebolautbrot.