Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Statistikk
Abortregisteret

Noreg har færrast tenåringsabortar i Norden

Talet på abortar blant 15–19-åringar har aldri vore lågare enn i 2017, viser nye tal frå Folkehelseinstituttet. Noreg og Finland har dei lågaste abortratane i denne aldersgruppa i Norden.

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Artikkelen fortsett nedanfor lenkene.

Hopp til-lenker i denne artikkelen

Meir informasjon

Aborttala har dei siste åra vore historisk låge, og dei fall endå meir i 2017. Dette skuldast ein markant nedgang i talet på uynskte svangerskap blant kvinner under 25 år. Nedgangen er nesten like stor blant dei mellom 20 og 24 år som for 15–19-åringar.

– Ungdomskulla etter 2006 har vorte betre på å beskytte seg mot uynskte svangerskap, mellom anna har ein sett ein endra prevensjonsbruk. Dei tar den åtferda med seg inn i vaksenlivet, seier overlege Mette Løkeland i Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Meir enn halvert på 15 år

Saman med Finland har Noreg no den lågaste abortrata i Norden for tenåringar (15–19 år). Abortrate vil seie talet på abortar per 1000 kvinner per år.

Frå 2016 til 2017 var det ein nedgang blant tenåringar frå 7,6 til 6,3 abortar per 1000 kvinner. Talet på avbrot blant tenåringar går stadig ned og er no det lågaste sidan opprettinga av Abortregisteret i 1979. Denne trenden forflyttar seg etter kvart oppover i aldersgruppene.

Abortrata varierer mellom aldersgruppene:

Figur 2. Svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2001 til 2017, per 1000 kvinner.
Figur 2. Svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2001 til 2017, per 1000 kvinner.

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret, Folkehelseinstituttet)

Varierer mykje mellom fylka

I 2017 hadde Finnmark den høgaste abortrata for kvinner mellom 15 og 19 år: 10,8 abortar per 1000 kvinne. Denne rata har gått ein god del ned sidan 2016, då den var på heile 14,4.

I 2017 hadde Sogn og Fjordane den lågaste rata på 1,9 per 1000 kvinner.

Det var berre dei to nordlegaste fylka som hadde ei rate på over 10 per 1000 kvinner i denne aldersgruppa i 2017. Samanlikna med 2011 er situasjonen totalt endra: For sju år sidan var det berre to fylke (Rogaland og Oppland) som hadde ei rate under 10 per 1000 kvinner i aldersgruppa..

Langtidsverkande prevensjon blant årsakene til nedgangen

– Kva er årsaka til nedgangen blant tenåringane?

– Vi antar at det er fleire årsaker. Dei siste 15 åra har det vore ei sterk utbygging av helsestasjonar for ungdom. Prevensjonsmiddel har dessutan vorte billigare på grunn av statlege subsidiar. I 2015 vart spiral og p-stav inkludert i denne ordninga, svarer Løkeland.

P-stav er ein liten, tynn og bøyeleg plaststav med det syntetiske hormonliknande stoffet gestagen. Den kan settast inn under huda på innsida av overarmen og varer i tre år.

– Kva slags effekt har refusjonsordninga hatt?

– Studiar har vist at det spesielt er bruken av langtidsverkande prevensjon, som for eksempel p-stav, som har størst førebyggande effekt når det gjeld uynskte svangerskap. Bruk av p-stav har mangedobla seg dei siste ti åra, spesielt blant dei yngste.

I 2008 var det ifølge Reseptregisteret registrert cirka 550 brukarar av p-stav i aldersgruppa 15–19 år. I 2017 var dette auka til heile 10 815.

Over 12 000 svangerskapsavbrot i 2017

I 2017 vart det i alt utført 12 733 svangerskapsavbrot i Noreg. Rata har gått ned for alle aldersgrupper samla (15–49 år): frå 11,0 per 1000 kvinner i 2016 til 10,6 i 2017. Av alle avbrot  var 95,7 prosent sjølvbestemte og 81,2 prosent av dei var utført før niande veke.

Geografisk varierer rata for svangerskapsavbrot mykje (alle aldersgrupper):

Fylke

Høgast rate

Lågast rate

Finnmark

13,6

 

Oslo

13,5

 

Troms

13,5

 

Sogn og Fjordane

 

7,2

Møre og Romsdal

 

7,9

Aust-Agder

 

8,0

Tabell 1. Talet på abortar per 1000 kvinner i fruktbar alder, fordelt på dei tre fylka med dei høgaste ratane og dei tre fylka med dei lågaste ratane. Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret, Folkehelseinstituttet)

Dei fleste abortar skjer med pille

Nesten ni av ti abortar vert no utført med eit medikament, og åtte av ti abortar skjer før niande veke. Det har vore ein gradvis auke sidan denne metoden vart innført i 1998, og sidan 2008 har dei fleste sjølvbestemte svangerskapsavbrot vorte utført medikamentelt.