Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet
Den internasjonale abortdagen

Nesten alle nemndbehandla abortar blir innvilga

Berre to av 362 svangerskapsavbrot før 18. veke vart avslått etter handsaming i abortnemnd i 2017, viser nye tal frå Abortregisteret i Folkehelseinstituttet. Etter utgangen av 12. svangerskapsveke kan avbrot berre skje etter bestemte kriterium og skal avgjerast i nemnd.

fylle ut skjema
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Det har nyleg vore ein offentleg debatt om nemnder og seine svangerskapsavbrot initiert av fleire ungdomsparti. I høve den internasjonale abortdagen 28. september, har Folkehelseinstituttet sett på tala for nemndbehandla abortar i Noreg dei siste 15 åra, og spesifikt for 2017.

Sidan 2008 har den prosentvise delen av nemndbehandla svangerskapsavbrot i Noreg vore tilnærma konstant på rundt fire prosent av alle avbrot. I 2017 vart to av 362 avslått etter handsaming i abortnemnd – i primærnemnd eller også i klagenemnd.

Prosentdel nemndbehandla abortar i dei ulike aldersgruppene

Nemndbehandla abortar.png

Kjelde: Abortregisteret

Skuldast forhold ved fosteret hos dei eldste kvinnene

Tala viser ein litt auka førekomst av nemndbehandla svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15–19 år og for dei over 30 år.

– Det ser ut til å vere ulike årsaker til kvifor kvinner søkjer avbrot etter tolvte veke. For aldersgruppene over 30 år er hovudårsaka til avbrot så seint i svangerskapet forhold ved fosteret, medan dette sjeldan er årsaka for dei under 20 år, seier overlege Mette Løkeland ved Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.

Prosentdel av abort grunna fosterskade for dei ulike aldersgruppene

fosterskade.png

Kjelde: Abortregisteret

I den yngste gruppa går tala ned både for sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot, men prosentdelen nemndbehandla avbrot held seg konstant på rundt fire prosent.

Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i den totale andelen svangerskapsavbrot i Noreg. Årsaka til det ligg først og fremst i ein markant nedgang i andelen avbrot blant kvinner under 25 år, Den er no på 6,3 avbrot per 1000 kvinner i aldersgruppa 15–19 år og 18,0 for gruppa 20–24 år.

Sjå fleire tal i den nye statistikkbanken for Abortregisteret, som vart lansert i anledning den internasjonale abortdagen 2018.

Berre fem fekk avslag etter 18. veke

I 2017 vart 189 av 226 svangerskapsavbrot (83,6 prosent) i Noreg frå og med attande svangerskapsveke innvilga i den lokale primærnemnda. Av dei 37 som fekk avslag, møtte 21 til klagenemnda. Fem av 226 (2,2 prosent) fekk eit endeleg avslag i klagenemnda.

– Ut frå alle registrerte begjæringar ser vi at ikkje alle dei aktuelle kvinnene har møtt i nemnd. Abortregisteret har ikkje informasjon om dei kvinnene som har fått avslag i nemnd eller som ikkje har møtt i nemnd, har fullført svangerskapet, seier Mette Løkeland.

Det er liten skilnad på fordelinga av svangerskapsavbrot i forhold til lengda på svangerskapet mellom Noreg og Sverige. I 2015 var 4,8 prosent av alle svangerskapsavbrot i Sverige utført i 12.–15. svangerskapsveke. Medan Noreg har sjølvbestemt abort til og med tolvte veke, er denne grensa opp til attande veke i Sverige.

Slik fungerer nemndbehandlinga

Ei begjæring om svangerskapsavbrot etter utgangen av tolvte svangerskapsveke blir handsama i nemnd; først i primærnemnd. Dersom primærnemnda gir avslag, skal nemnda straks sende vedtaket og dokumenta i saka til sentral klagenemnd som sidan 2010 har vore lokalisert ved Oslo universitetssykehus.

I primærnemnda møter kvinna to legar der den eine er lege frå den lokale gynekologiske avdelinga, medan den andre ikkje kan vere tilsett ved avdelinga. Klagenemnda er sett saman av fem personar der ein skal vere jurist og to skal vere legar.

Det var i 2017 høring med tanke på å redusere talet på nemnder.

40 år med abortregister

I 2018 er det 40 år sidan lov om sjølvbestemt abort vart vedtatt, og med det opprettinga av Abortregisteret.

– Formålet med registeret er å utarbeide og formidle statistikk og analysar, slik at ein kan evaluere tiltak mot uønskte svangerskap og svangerskapsavbrot – og slik at ein får god ressursutnytting og kvalitet i behandlinga av kvinners reproduktive helse, seier overlege Mette Løkeland ved Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.

Kort om svangerskapsavbrot

  • Ifølge abortlova tar kvinna sjølv avgjerda om å avbryte svangerskapet, viss inngrepet kan skje før utgangen av 12. svangerskapsveke og tungtvegande medisinske grunnar ikkje taler mot det.
  • Etter utgangen av 12. svangerskapsveke kan avbrot berre skje etter bestemte kriterium og skal avgjerast av ei lokal primærnemnd. I tilfelle avslag blir den automatisk anka til ei nasjonal klagenemnd.
  • Etter 18. svangerskapsveke skal det særs tungtvegande grunnar til for å innvilge avbrot i nemnd, og det kan ikkje innvilgast avbrot dersom fosteret er levedyktig. Etter 21 veker og seks dagar er fosteret definert som levedyktig, ifølge abortforskrifta.

Meir informasjon finn du i abortlova og abortforskrifta.