Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Mogeleg smitte med hepatitt A i eit parti dadlar

Eit parti dadlar er mistenkt som orsak til utbrot av leverbetennelse (hepatitt A) i Danmark. Dadlar frå dette partiet er også omsett i to fylke i Noreg, men sannsynlegheita for smitte er vurdert som svært låg.

Bilde av dadler
Colourbox.com

Det er ikkje grunn til å kontakte lege dersom ein ikkje har symptom på sjukdomen.

– Det er ikkje sett nokon auke i antall tilfelle med hepatitt A i Noreg og ingen som kan knyttast til dadlar som smittekjelde, seier seniorrådgjevar Heidi Lange i Folkehelseinstituttet.

Det aktuelle daddelpartiet er merka JUICY DATES, er importert frå Iran og blei levert til REMA 1000-butikkar i Troms og Nordland i midten av november 2017. Forbrukarar som har kjøpt produktet, bør kaste dadlane eller levere dei tilbake til butikken.

Personar som har ete slike dadlar, bør kontakte lege dersom dei får symptom på leverbetennelse: feber, kvalme, oppkast, mørk urin, lys avføring, magesmertar og gulfarga hud samt gult på det kvite i auga (også kalla ikterus). Tida frå smitte til sjukdom kan vere lang (15-50 dagar).

Blodprøve kan vise om ein er smitta, men det er ikkje anbefalt å ta blodprøve dersom ein ikkje har symptom. 

Om hepatitt A

Hepatitt A-viruset gir akutt leverbetennelse (hepatitt), men oftast ingen varig leverskade. Det finst ingen spesifikk behandling av denne virusinfeksjonen. Smitte kjem oftast frå forureina drikkevatn eller mat. Smitta personar skil ut virus med avføringa.

Meir om hepatitt A i Smittevernboka (Smittvernveilederen for helsepersonell)(FHI)