Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Tre meslingtilfelle

Folkehelseinstituttet har denne veka fått bekrefta tre meslingtilfelle. Alle er smitta i utlandet, men det eine tilfellet er uavhengig av dei to andre. Alle dei smitta er uvaksinerte.

illustrasjonsfoto meslingeutslett barn
Illustrasjonsfoto: CDC

–  Diagnosane er bekrefta med laboratorieprøver. Folkehelseinstituttet samarbeider med berørte kommunar for å hindre vidare smitte. Alle tilfella gjeld uvaksinerte personar. Dette understrekar at det er nødvendig å vere vaksinert for å ha vern mot meslingar dersom ein ikkje har gjennomgått sjukdomen, seier Didrik Vestrheim, avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet.

Ein helsearbeidar

Det første tilfellet er ein uvaksinert helsearbeidar frå Buskerud som truleg vart smitta på reise utanfor Noreg. Pasienten vart innlagd på sjukehus i austlandsområdet etter at vedkomande kom heim, men er no utskriven frå sjukehuset.

Fleire kommunar deltek i arbeidet med å informera personar som kan ha vore i kontakt med pasienten. Folkehelseinstituttet koordinerer arbeidet. Foreløpig er det ikkje påvist fleire sjukdomstilfelle med utgangspunkt i denne helsearbeidaren.

To barn

Dei andre to tilfella er uvaksinerte barn frå Oslo. Borna er søsken og diagnosen er bekrefta for dei begge. Også her blir moglege smittekontaktar informert.

– Vi har foreløpig ikkje indikasjon på fleire tilfelle, men vil følgje nøye med i tida framover, seier Vestrheim.

Smittevernoverlegen i Oslo er i tett dialog med Folkehelseinstituttet om smitteoppsporing og informasjonsarbeid vedrørande desse tilfella.

Ikkje uventa

– Det er dessverre ikkje uventa at slike tilfelle oppstår. Meslingar smittar lett. Dersom ein er uvaksinert og blir smitta på reise i utlandet, kan ein ta smitte med tilbake til Norge, seier Vestrheim.

Personar som har vore i kontakt med dei sjuke i den smittsame sjukdomsperioden, kan ha blitt smitta. Dei blir sterkt oppfordra til å kontakte lege dersom dei får symptom på meslingar.

Alle kontaktar som ikkje har hatt meslingar, og som ikkje er vaksinerte, får tilbod om vaksine.

Dei fleste i Noreg er vaksinerte

Alle norske barn får tilbod om MMR-vaksine. Han vernar mot meslingar, raude hundar og kusma. MMR-vaksinen vert normalt gitt ved 15-månaders alder, og vert gjentatt i 6. steg på barneskulen.

Dei fleste i Noreg er vaksinerte mot meslingar etter at vaksinen blei innført, og det har vore få sjukdomstilfelle dei siste åra. Men mindre utbrot kan oppstå blant uvaksinerte.

Vaksine mot meslingar vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg i 1969, og dei fleste som er fødde etter 1969 er vaksinerte mot sjukdommen. Dei fleste som er fødde før 1960, har gjennomgått sjukdomen og er dermed òg immune.

Symptom på meslingar
Symptoma startar med feber og forkjølingsliknande plager som varer i 3–4 dager. Ein kan også få kvite flekkar i munnen. Etter dei første dagane blir ein gjerne litt betre, før ein på ny får feber og det typiske hudutslettet viser seg. Det startar vanlegvis bak øyrene og spreier seg raskt til heile kroppen. Uvaksinerte små barn er spesielt utsette for meslingar og komplikasjonar til sjukdomen.

Meslinger (morbilli) - smittevernveileder for helsepersonell