Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet
Brukeropplevd kvalitet

Kvinnene har best erfaringar med fødeavdelinga

Meir enn tre av fire kvinner har gode erfaringar frå sjølve fødeavdelinga, mens dei er mindre nøgd med barselopphaldet etterpå. Det er til dels store forskjellar mellom sjukehusa.

Mor og barn etter fødselen. Colourbox
Mor og barn etter fødselen. Colourbox

Dette er blant resultata frå ei landsomfattande undersøking som Folkehelseinstituttet har gjennomført blant kvinner som fødde i fjerde kvartal i 2017. Undersøkinga blei gjort blant fødande kvinner ved alle føde- og barselavdelingane i landet.  

Det er laga ein rapport som viser resultata for landet sett under eitt, dessutan rapportar til dei fire regionale helseføretaka (RHF-ane), helseføretaka, institusjonane og avdelingane.

– Tendensen er at kvinnene har meir positive erfaringar frå sjølve fødeavdelinga enn frå barselopphaldet etterpå, seier seniorforskar Ingeborg Strømseng Sjetne i Folkehelseinstituttet.

Artikkel som utdjupar dei nasjonale resultata: «Erfaringer med føde-og barselavdelingene».

Mest positive erfaringar med fødeavdelingane

I alt 8156 kvinner fekk spørsmål om å delta i undersøkinga, og 3387 av dei svara på spørreskjemaet (svarprosent 41,5). Som i tidligare undersøkingar, er erfaringane til kvinnene jamt over gode.

Blant anna har meir enn tre av fire kvinner svart at dei «I stor grad» eller «I svært stor grad» var tilfreds med tilbodet sett under eitt, både på fødeavdelinga og under barselopphaldet – men resultata viser også at institusjonane har ei tydeleg moglegheit til å bli betre på enkelte område.

Minst nøgd med barselopphaldet

Av dei 61 spørsmåla som inngjekk i undersøkinga, blei 29 sett saman til åtte grupper (indikatorar). Resultata vert vist på ein skala frå 0 til 100, kor høge tal betyr at dei fødande skildrar tilbodet som positivt. Resultata for desse indikatorane vert vist i tabellen nedanfor.

Tabell 1: Vekta og justerte resultat på indikatorane. Skala 0–100 der 100 er best.

Indikator

Antal
svar

Gjennomsnitt 2017

Endring frå
2016

Endring frå
2011

Korleis partnaren blei tatt vare på ved fødeavdelinga

3325

87

Relasjonen til personalet ved fødeavdelinga

3367

85

Rammer og organisering ved fødeavdelinga

3368

81

Relasjonen til personalet under barselopphaldet

3368

79

Korleis partneren blei tatt  vare på under barselopphaldet

3297

79

Rammer og organisering under barselopphaldet

3368

69

Informasjon om barnet under barselopphaldet

3263

68

Informasjon om kvinna si helse under barselopphaldet

3341

59

Nasjonalt skårar dei tre indikatorane om sjølve fødeavdelinga best, med over 80 poeng av 100. Som tidlegare år har indikatoren om informasjon om eiga helse under barselopphaldet fått den dårlegaste skåren, denne gongen 59 poeng på ein skala frå 0–100.  

Resultata varierer mellom fødeinstitusjonane

Det er store forskjellar mellom dei einskilde sjukehusa på fleire av indikatorane, slik denne tabellen på side 27–28 i den nasjonale rapporten viser.

Mellom anna skil det opp mot 30 poeng mellom høgaste og lågaste institusjonsskår på dei to indikatorane som skildrar informasjonen under barselopphaldet.

– Dette viser at kvinner får ulikt tilbod alt etter kvar dei føder, seier seniorforskar Ingeborg Strømseng Sjetne i Folkehelseinstituttet.

Fleire enn tidlegare meiner opphaldet er for kort

Liggetida etter fødselen er bortimot uendra frå tidlegare undersøkingar, og åtte av ti svarar at dei synast at barselopphaldet var passelig langt.

– Det er likevel verdt å merke seg at det er ein noko høgare andel enn tidlegare som meiner at opphaldet er for kort, seier Ingeborg Strømseng Sjetne.