Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Inviterer 160 000 studentar til spørjeundersøking

Denne veka startar ei landsomfattande undersøking om studenthelse. Folkehelseinstituttet inviterer 160 000 studentar til å delta. Invitasjonen går ut med e-post.

studenter, skole.
studenter, skole.

 Vi ber studentane svare heilt ærleg på spørsmåla vi stiller, slik at regjering, studenthelsetenester og studentsamskipnader kan gje studentane eit endå betre helsetilbod i framtida, seier Børge Sivertsen ved Folkehelseinstituttet.

“Heilt ærleg” er òg namnet på kampanjen som marknadsfører undersøkinga. Undersøkinga er tidlegare gjennomførd i 2010 og i 2014, og vert kalla SHoT; Studentane si helse- og trivselsundersøking.

Tal frå førre SHoT-undersøking viser at éin av fem studentar slit med alvorlege psykiske symptomplager, og éin av seks studentar er einsame.

 Studietida er tida då vanar vert danna. Korleis studentane har det, og korleis dei trivst i studietida, er viktig for å sikre at dei klarer å fullføre den utdanninga dei ønskjer seg. Sidan undersøkinga femnar så breitt, kan SHoT òg gje signal om kva utfordringar vi kan vente for folkehelsa i framtida, meiner Kari Jussie Lønning, leiar for SHoT 2018.

Det er første gong undersøkinga vert sendt ut til så mange studentar. Undersøkinga er initiert av studentsamskipnadene SitSiO, og Sammen, og vert gjennomført av Folkehelseinstituttet.

Dette er Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT 2018)

  • Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT 2018) kartlegg helsa til studentane og trivsel i brei forstand, med hovudvekt på psykososiale tilhøve. Dette er Noregs største studentundersøking om temaet.
  • Undersøkinga er nasjonal og vert utført på oppdrag frå studentsamskipnadene Sit, SiO, og Sammen. SHoT 2018 vil gje viktig innsikt i korleis studentane har det og i korleis velferdstilbodet til studentar kan betrast.
  • I undersøkinga blir studentane oppfordra til å svare «heilt ærleg» på spørsmål  om åtte ulike tema knytt til studentliv, helse- og trivsel.
  • Spørsmåla handlar om psykisk og fysisk helse, mobbing og trakassering, søvn, trening, rus og alkohol, for å nemne noko.
  • «Heilt Ærleg» får drahjelp av kjende bloggarar og påverkarar på sosiale medium, slik som Helsesista, June Holm (grunnleggjar av Vi Tror Deg-stiftelsen), komikar Maria Stavang under Instagramnavnet Piateed, studenten snillegucci aka Kristiane Aateigen, bloggar Martine Halvorsen og Skam-stjerna Carl Martin Eggesbø.

Lenkje til svarskjema for undersøkinga