Få varsel ved oppdateringer av «Ikkje et rå østers og andre rå skjel frå Oslofjorden og kysten av Telemark og Sørlandet»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Ikkje et rå østers og andre rå skjel frå Oslofjorden og kysten av Telemark og Sørlandet
Oops, noe gikk galt...
... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.
... last inn siden på nytt og prøv igjen.
Nyhet
Ikkje et rå østers og andre rå skjel frå Oslofjorden og kysten av Telemark og Sørlandet
Publisert
Mattilsynet åtvarar mot å ete rå østers fanga i Oslofjorden*) og ved kysten av Telemark og Sørlandet. Grunnen er risiko for å bli smitta med ein vibriobakterie som kan komme inn i østers og andre skjel.

Mattilsynet åtvarar mot å ete rå østers fanga i Oslofjorden*) og ved kysten av Telemark og Sørlandet. Grunnen er risiko for å bli smitta med ein vibriobakterie som kan komme inn i østers og andre skjel.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden
I juli 2018 har Folkehelseinstituttet blitt informert om fire personar med Vibrio vulnificus-infeksjon som blei alvorleg sjuke etter bading i Oslofjorden. Smitteoverføringa skjer oftast gjennom sår ved bading, men i sjeldne tilfelle kan vibriobakteriar også smitte ved at ein et skjel som ikkje er varmebehandla.
Sjølv om det ikkje er påvist slik smitte frå skjel i Noreg, åtvarar Mattilsynet som eit føre-var-prinsipp om å ikkje ete rå østers frå Oslofjorden*) og kysten av Telemark og Sørlandet på grunn av oppvekst av vibriobakteriar.
*) Med Oslofjorden meines her kystlina til fylka Oslo, Østfold, Akershus, Buskerud, og Vestfold.
Meir informasjon frå Mattilsynet: Ikke spis rå østers fra Oslofjorden, kysten av Telemark og Sørlandet.
Høy badevannstemperatur i Sør-Norge: Fire smittet med vibriobakterie etter sjøbad