Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

No er det klart for lusesjekk

For å sikre ein lusefri haust, oppfordrar Folkehelseinstituttet alle skolar og barnehagar til å arrangere kampanje mot hovudlus i uke 35.

illustrasjon av hodelus som kryper
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Hovudlus er eit tilbakevendande problem i skolar og barnehagar landet over. Anslagsvis har ein til to prosent av barn i Noreg til ei kvar tid lus.

Jamleg lusesjekk reduserer risiko for smitte

Skolar og barnehagar kan informere foreldre og føresette om korleis ein sjekkar for og behandlar hovudlus. Folkehelseinstituttet har laga brosjyre og informasjonsskriv som barnehagar og skolar kan bestille gratis og distribuere vidare. Vi har også ein film som viser korleis ein sjekkar barn for hovudlus:

Dersom alle sjekkar og behandlar seg for lus på same tidspunkt, vil det redusere talet på hovudlustilfelle over tid. Derfor oppfordrar vi skolar og barnehagar til å få foreldre og føresette til å foreta lusesjekken helga 1. og 2. september, og med fortløpande behandling dersom dei oppdagar lus. Heile familien bør undersøkast.

Foreldre eller føresette som oppdagar hovudlus, bør varsle skole eller barnehage samt foreldre til nære skole- eller fritidsvenner av barnet, slik at dei også kan bli sjekka og eventuelt behandla.

Jamleg lusesjekk er det beste middelet for å redusere talet på tilfelle av hovudlus. Folkehelseinstituttet anbefaler sjekk med lusekam minst ein gong i månaden. Når smitte av hovudlus blir oppdaga tidleg, minkar sjansen for å smitte andre.

Alle tiltak som kan føre til hyppigare lusesjekk er positive. Folkehelseinstituttet tar initiativ til nasjonal lusesjekk i uke 10 og 35, men skolar og barnehagar kan naturlegvis også arrangere kampanjar på andre tidspunkt.

Spørjeundersøking om hovudlus

Samtidig med hovudluskampanjen i haust gjennomfører Folkehelseinstituttet ei spørjeundersøking om hovudlus. Alle elevar på til saman 41 barneskolar i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen og Oslo får med seg ein lusekam og ei spørjeundersøking heim.

‒ Vi ønskjer å kartlegge førekomsten av hovudlus hos elevane og familiemedlemmene deira. Vi spør også om nokon i husstanden har hatt hovudlus tidlegare, korleis familiane gjer hovudlussjekk, kostnader knytta til hovudlus og kva familiemedlemmene veit om hovudlus, seier prosjektleiar for spørjeundersøkinga, forskar Bjørn Arne Rukke.

‒ Vi gjorde same undersøking i 2008 og ser no fram til å kunne samanlikne og sjå korleis dette har utvikla seg på ti år, poengterer han.

Gjennom hovudlusundersøkinga vil meir kunnskap kan bidra til å redusere førekomsten av hovudlus i Noreg.