Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Høgsesongen for omgangssjuke er her - hugs handvask

Haust og vinter er tida for omgangssjuke med norovirus. God handhygiene minskar risikoen for at du blir smitta og beskyttar mot vidare spreiing av viruset.

Håndvask.jpg

Omgangssjuke som skuldast norovirus, kan råke personar både i helseinstitusjonar, skular, barnehagar, hotell og elles i befolkninga.

Norovirus er svært smittsamt. Dei sjuke er mest smittsame dersom dei kastar opp og har diaré. Men det er og risiko for smitte etter at symptoma har gitt seg. Dei som har omgangssjuke eller mistenkjer at dei kan vere smitta, til dømes etter å ha vore i kontakt med personer som er sjuke, bør vere ekstra nøye med handhygiene. Dei bør ikkje lage og servere mat som andre skal ete. Etter 48 timar er smitterisikoen mindre.

– God handhygiene er det beste rådet for å unngå at noroviruset spreier seg, seier seniorrådgjevar Heidi Lange ved Folkehelseinstituttet.

På stader der mange er samla, må det vere enkelt å få vaska hendene. Dette gjeld til dømes på skular, i barnehagar og andre stader der folk er samla. Det er betre å bruke eingangspapir enn handkle til å tørke hendene.

Handvask med såpe og rennande vatn er meir effektivt mot norovirus enn alkoholbasert handdesinfeksjon.

Helseinstitusjonar

Når det oppstår utbrot av omgangssjuke i helseinstitusjonar, skuldast dette ofte norovirus. I tillegg til god handhygiene er det viktig at det finst planar og prosedyrar som beskriv korleis helsepersonell skal handtere utbrot av norovirus. Prosedyrane skal vere lagt inn i helseinstitusjonen sitt infeksjonskontrollprogram. Det er utarbeidd eit eige informasjonsskriv om handtering av slike utbrot.

Varsling av sjukdomsutbrot

Dersom det oppstår utbrot av omgangssjuke med norovirus i helseinstitusjonar, skal dette varslast til Folkehelseinstituttet. Varsling kan skje ved hjelp av CIM-VESUV (vevbasert system for utbrotsvarsling): Varsling av utbrudd av smittsomme sykdommer