Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Auke i melde tilfelle av harepest i 2017

I 2017 blei det meldt om 92 tilfelle av harepest (tularemi) i Noreg. Dette er ein auke samanlikna med dei siste fem åra, og fleire enn tidlegare har hatt sjukdom i lungene.

illustrajonsfoto av mus i vinterlandskap
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Det var særleg på Sørlandet og Austlandet ein såg auke i 2017. I dei fem tidlegare åra har talet  på melde tilfelle vore mellom 30 og 50 i året.

Auken heng truleg saman med at det i 2017 var teikn på høgare førekomst av smågnagarar enn det som er vanleg i desse områda. Det er auka risiko for smitte frå harepest dei åra det er mykje smågnagarar samt året etter, seier veterinær og seniorforskar Tone Bjordal Johansen.

Harepest er ein smittsam sjukdom som kan overførast frå dyr til menneske og som finnast naturleg i Noreg. Vanlegast er smitte gjennom drikkevatn, til dømes frå bekkar i naturen og brønnar.

Bakteriane kan også bli spreidd gjennom luft. Støv og avføring frå sjuke gnagarar kan innehalde tularemibakteriar som blir virvla opp og pusta inn, når ein til dømes stablar ved, kostar vekk muselort eller ryddar musebol. Myggstikk eller flåttbitt kan òg være årsak til smitte.

Sjukdomen gjer vanlegvis eit mildt sjukdomsbilete, med feber, hovudverk og trøttheit. Symptoma kan variere. Sjukdomen kan gje smerter, sår hals/svelg og hovne lymfeknutar, og nokre gonger lungesymptom. Det er antibiotika som er behandlinga mot harepest.

I 2017 har det vore meldt fleire pasientar med lungesymptom enn tidlegare år. Det er viktig at helsetenestene er klar over at harepest kan gje lungesymptom kan dersom pasienten gjennom jobb eller fritid kan ha vore i kontakt med smittekjelder for harepest.

Råd for å førebygge harepest

  • Ikkje drikk vatn rett frå naturen i område med mykje smågnagerar.
  • Unngå kontakt med sjuke eller sjøldaude harar, mus og lemen.
  • Ikkje fei opp muselort i hytta, men bruk heller ein fuktig klut, og bruk gummihanskar.
  • Unngå å bli slikka av hundar og kattar som nyleg har vore i kontakt med sjølvdauda eller sjukt vilt, då dei kan ha fått bakterien i munnhola.

Harepest - overføres fra lemen og andre smågnagere