Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Aukande legemiddelbruk blant tenåringar

Mange barn og unge brukar legemiddel. Kvart år får nesten halvparten i alderen 0-17 år eit eller fleire legemiddel på resept viser statistikk frå Folkehelseinstituttet.

COLOURBOX6938971.jpg

Dei meste brukte legemidla er til behandling av infeksjonar, astma, allergi, eksem og hoste.

Reseptregisteret ved Folkehelseinstituttet registrerer alle legemiddel som blir leverte ut gjennom apotek. Rapporten er på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, og er basert på data frå Reseptregisteret, samt relevante studiar og publikasjonar.

Andelen barn som fekk legemiddel i 2017 var lågast i aldersgruppa 7–10 år med 37 prosent. Andelen var høgast blant 16 og 17 år gamle jenter der respektivt 70 og 78 prosent brukte legemiddel.  

 

Fram til 14-årsalderen er fordelinga mellom gutar og jenter ganske lik, men frå 15-årsalderen brukar jenter meir legemiddel enn gutane. Hovudårsaka til det er at fleire jenter brukar meir smertestillande, antibiotikum og antidepressiva.

Bruken av antidepressiva og antipsykotika er låg, men aukar spesielt for jenter

I perioden 2008 til 2017 gjekk talet på jenter som brukar antidepressiva opp frå 1277 til 2144. For gutar gjekk talet opp frå 909 til 1129. Bruken av antidepressiva er altså låg, men aukande, spesielt for jenter. Blant jenter i aldersgruppa 15-17 år er bruken nesten dobla frå 2008 til 2017 frå 1074 til 1847.

Også talet på dei som brukar antipsykotika er lågt, men auka noko frå 2008 til 2017. Hos jenter i alderen 15-17 år auka talet på brukarar frå 348 til 716. Antipsykotika vert brukte ved meir alvorlege psykiske lidingar som for eksempel psykosar og schizofreni.

– At bruken av antipsykotika aukar, gir grunn til nærare oppfølging. Vi må spørje kva som er årsaka, totalt sett veit vi lite om årsaka til auken i behandling av psykiske lidingar hos tenåringsjenter, seier seniorforskar Kari Furu, som er redaktør for rapporten.

Fylkesforskjellar

Prosentdelen barn og unge som brukar legemiddel, varierer mellom fylka. Men det er lite som tyder på at barn er meir sjuke i nokre fylke enn i andre.

– Det er viktig å identifisere fylkesforskjellar i legemiddelbruk og redusere uønska variasjon. Fylkesforskjellane er vanskelege å forklare. Årsaka kan for eksempel vere at legane har ulik praksis når det gjeld å skrive ut reseptar. Dette bør følgjast opp vidare for å undersøke om nokre barn får unødvendig behandling eller om nokre barn ikkje får den behandlinga dei treng, seier Kari Furu.

Bruken av ADHD-legemiddel har stabilisert seg

Det er flest gutar som har diagnosen ADHD. I alt fekk 12 145 gutar og 4 685 jenter i alderen 6-17 år ADHD-legemiddel i 2017. I første del av 10-årsperioden 2008-2017 var det ein auke i prosentdelen brukarar, men sidan 2010 har prosentdelen vore relativt stabil.

Nedgang i antibiotikabruk

I alle aldersgrupper var det ein betydeleg nedgang i bruken av antibiotika i 10-årsperioden, spesielt blant dei yngste.

– Denne utviklinga tyder på at fleire er merksame på målet om å redusere antibiotikabruken. Vi trur at både foreldre og legar har blitt meir merksame på at antibiotika ikkje alltid er svaret dersom barnet til dømes har øyreverk, seier Furu.

I alt fekk 153 583 barn og unge antibiotika på resept i 2017. Fleire gutar enn jenter får antibiotika opp til småskulealderen, så er det ein periode der begge kjønn brukar like mykje. Frå 14-15-årsalderen er prosentdelen jenter som får antibiotika høgare enn hos gutar, og denne forskjellen vert verande resten av livet.

Fleire born og unge brukar sovemedisinar, men færre brukar dei sterkaste medisinane

Også bruken av sovemiddel auka i 10-årsperioden 2009-2017. Årsaka er i hovudsak auka bruk av innsovningsmiddelet melatonin, som blant anna vert brukt av barn med ADHD.

Blant dei aller minste borna gjekk bruken av sovemiddelet alimemazine (Vallergan) ned i perioden.

– Tidlegare hadde vi ein uheldig særnorsk praksis der det vart skrive ut resept på alimemazine til dei aller yngste borna. Fleire studiar viste at dette ikkje var god behandling. No ser vi tydeleg at bruken av desse preparata går ned. At leger har teke dette til etterretning, det er fint å sjå, understrekar Kari Furu.

Gir auka kunnskap og kan endre praksis

– Rapportar om legemiddelbruk kan gi viktig kunnskap om legemiddelbruken i Norge. Det er behov for auka kunnskap om barn og unge sin legemiddelbruk, og slik kunnskap får vi gjennom systematisk oppfølging av legemiddelbruken etter at eit legemiddel er godkjent for marknadsføring. For å kunne vurdere nytte-risikoforholdet til eit legemiddel og om legemiddelbruken er rasjonell, må vi samanlikna data frå Reseptregisteret med andre datakjelder som har informasjon om sjukdomar og diagnosar.

– Det er viktig at Noreg, som har gode helseregistre og kompetanse innan legemiddelepidemiologi, systematisk følgjer opp bruken etter at eit legemiddel er marknadsført og teke i bruk, meiner Kari Furu.