Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Auka tilfelle av vestnilfeber i store delar av Sør- og Mellom-Europa»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Auka tilfelle av vestnilfeber i store delar av Sør- og Mellom-Europa

Nyhet

Auka tilfelle av vestnilfeber i store delar av Sør- og Mellom-Europa

Publisert Oppdatert

Det europeiske smittevernsenteret (ECDC) rapporterer om rekordhøge tal for vestnilfeber i mange europeiske land. Sjukdomen blir overført med mygg. Folkehelseinstituttet rår reisande å verne seg mot myggstikk når dei drar til område der det er meldt om tilfelle av sjukdomen.

mygg
Ein slektning av culex-myggen som er bærar av vestnilvirus. Foto: Colourbox.com

Det europeiske smittevernsenteret (ECDC) rapporterer om rekordhøge tal for vestnilfeber i mange europeiske land. Sjukdomen blir overført med mygg. Folkehelseinstituttet rår reisande å verne seg mot myggstikk når dei drar til område der det er meldt om tilfelle av sjukdomen.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Vestnilfeber førekjem kvart år i mange land i Sør- og Mellom Europa. Sesongen i Europa reknast frå juni til november månad. I år er det meldt fleire tilfelle enn normalt.

. Flest tilfelle er melde i Italia, Hellas, Serbia, Romania, Ungarn, Kroatia og Israel. Det store talet på rapporterte tilfelle tyder på at det for tida sirkulerer mykje vestnilfebervirus i dei omtala landa.

Reiseråd

Vestnilfeber blir spreidd med mygg og kan i sjeldne tilfelle gje alvorleg hjernehinnebetennelse. Trass i at faren for smitte er liten, råder FHI til at dei som er på reise i desse landa førebyggjer myggstikk. Dette inneber å bruke myggnett, kle som dekkjer kroppen og dessutan bruke myggmiddel. I skumringstimane og like før soloppgang er myggen særleg aktiv.

Fleire detaljar om reiseråd finn du i brosjyra Gode råd for god reise

Ved symptomer på sjukdom under eller etter reise til dei råka landa

Personar som får symptom på vestnilfeber medan dei er på reise eller etter at dei har kome heim, bør oppsøkje lege. Symptoma kan vere feber, hovudverk, stiv nakke, generell sjukdomskjensle, slappheit og utslett.  Tida frå smitte til sjukdom (inkubasjonstida) kan vere opptil 2 veker.

Om vestnilfeber

Vestnilfeber fanst tidlegare sjeldan i Europa, men dei siste åra har det vore rapportert fleire utbrot i sør- og mellomeuropeiske land. Det er aldri rapportert tilfelle av vestnilfeber hos personar frå Noreg.

Dei fleste som vert smitta med viruset, vert ikkje sjuke, men enkelte kan få ein mild febersjukdom som går over av seg sjølv. Ein sjeldan gong kan smitten føre til meir alvorleg sjukdom med nevrologiske symptom og hjernehinnebetennelse. Det finst førebels ingen vaksine mot vestnilfeber.

Personar som har vore i områda der det er påvist smitte med vestnilvirus, kan ikkje gje blod før minimum 28 dagar etter at dei har reist frå området. Helsedirektoratet har orientert alle blodbankar i Noreg om situasjonen.