Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Statistikk
Dødsårsaksregisteret

Vestlendingane lever lenger enn andre nordmenn

Vestlendingane lever lengst og tre år lenger enn folk i Finnmark. Høgare dødelegheit av hjarte- og karsjukdomar og luftvegssjukdomar forklarer mykje av forskjellen.

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Dette kjem fram i den nye dødsårsaksstatistikken for 2016 som Folkehelseinstituttet la fram den 13. desember. Det er regionale forskjellar i dødelegheit, og det er også tydelege forskjellar mellom fylka. Dette skaper forskjellane i forventa levealder.

–  På Vestlandet kan folk forvente å leve omtrent tre år lenger enn dei som bur i Finnmark og i nokre fylke på Austlandet. Det tyder på at vestlendingane er blant dei sunnaste her i landet. Dette kan ha samanheng med livsstilsfaktorar som kosthald, alkoholbruk og røyking, seier overlege Christian Lycke Ellingsen i Folkehelseinstituttet.

Dei nye 2016-tala finn du i Dødsårsaksregisteret sin statistikkbank.

Finnmarksgutar lever åtte år kortare enn sognejenter

Ein nyfødd gut frå Finnmark kan forvente å bli 77,2 år, ei jente 82,3 år. I den andre enden av skalaen finn vi Sogn og Fjordane. Der er tilsvarande tal for gutar 80,3 år og for jenter 85,2 år. Christian Lycke Ellingsen illustrerer det på denne måten:

– Vi hadde hamna på 30. plass på verdsrankinga dersom alle nordmenn hadde same forventa levealder som menn i Finnmark.

I Finnmark er det særlig dødelegheita av hjarte- og karsjukdomar og luftvegssjukdomar som kols som er høgare enn landsgjennomsnittet, men det er óg mange som døyr i ulukker.

– Dette forklarer noko av forskjellane mellom dei to fylka, seier overlegen.

Dødelegheita har i mange år gått nedover i alle fylka i Noreg, men det er framleis regionale forskjellar. Dei siste ti åra har dødelegheita vore høgast i Finnmark og lågast i Sogn og Fjordane. For tiåret 2006–2015 var dødelegheita i det nordlegaste fylket om lag 18 prosent høgare enn landsgjennomsnittet, mens den i Sogn og Fjordane var ti prosent lågare enn dette gjennomsnittet.

Dødelegheita i Oslo er samla nokså nær landsgjennomsnittet, men forskjellane mellom bydelane i Oslo er større enn den er mellom fylka.

Kvinner lever lenger enn menn

I alle fylke er dødelegheita lågare for kvinner enn for menn. Mens den for menn i 2016 er høgast i Finnmark, er den lågast i Akershus. For kvinner er dødelegheita høgast i Hedmark og lågast i Sogn og Fjordane. Mange fylke skil lite i dødelegheit og kan bytte plass på lista frå eitt år til det neste. Det gjev eit betre bilete om ein ser på fleire år i samanheng.

Dette er tal for 2011–2015:

Menn

Høgast levealder for menn:

  • Møre og Romsdal: 80,6 år
  • Akershus: 80,5 år
  • Sogn og Fjordane: 80,3 år

Lågast levealder for menn:

  • Finnmark: 77,2 år
  • Aust-Agder: 78,8 år
  • Hedmark: 78,9 år

Kvinner

Høgast levealder for kvinner:

  • Sogn og Fjordane: 85,2 år
  • Møre og Romsdal: 84,7 år
  • Akershus og Hordaland: 84,3 år

Lågast levealder for kvinner:

  • Finnmark: 82,3 år
  • Telemark og Østfold: 82,8 år
  • Oppland: 82,9 år

Prognosar frå Statistisk sentralbyrå viser at den forventa levealderen truleg vil fortsette å stige, i alle fall fram til 2060.

– Det er ikkje umogleg at vi då vil ha ein forventa levealder på rundt 87 år for menn og 89 år for kvinner, seier Lycke Ellingsen.

Ordforklaringar

Dødelegheit

Med dødelegheit meiner ein kor mange dødsfall det er per 100 000 innbyggjarar. I tillegg blir tala korrigert for ulik aldersfordeling i dei ulike fylka (aldersjustering).

Forventa levealder

Dette er eit kunstig mål der ein reknar ut kva levealderen for eit nyfødt barn i gjennomsnitt vil bli dersom dødelegheita i alle aldersgrupper heldt seg på same nivå som det året barnet vart fødd. Det er altså ikkje det same som den gjennomsnittlige alderen for dei som døyr i eit bestemt år.

Dersom vi skulle finne den verkelege gjennomsnittlige levealderen for dei som er fødde i eit bestemt år, måtte vi vente meir enn hundre år, til alle var døde.

Meir i statistikkbankane

Relaterte saker