Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Utbrot av hepatitt A blant menn som har sex med menn i Oslo

Sidan august 2017 er det meldt fem tilfelle av hepatitt A blant menn som har sex med menn i Oslo. Menn som deltek aktivt på sexarenaer for menn i Oslo, får tilbod om gratis vaksine mot sjukdomen.

To menn som flørter.
Illustrasjonsfoto: Coulorbox

Smittevernoverlegen i Oslo har, i samarbeid med Folkehelseinstituttet, vurdert at det handlar om eit utbrot av sjukdomen blant menn som har hatt sex med menn i Oslo.

Gratis vaksine

– Det betyr at menn som deltek aktivt på sexarenaer for menn i Oslo, uansett kor dei bur i landet, får tilbod om gratis hepatitt A-vaksine, seier smittevernoverlege Tore Steen ved Helseetaten i Oslo kommune.

Sidan juni 2016 har det vore utbrot av hepatitt A blant menn som har sex med menn i mange europeiske land. Folkehelseinstituttet undersøkjer ved hjelp av mikrobiologiske analysar om utbrotet i Noreg har samband med nokre av desse utbrota.

Førebyggjande tiltak

Menn som deltek aktivt på sexarenaer for menn i Oslo bør:

  • Vurdere å vaksinere seg med hepatitt A-vaksine. Éin vaksinedose gir vern i om lag eitt år. Utgifter til éin dose hepatitt A-vaksine blir dekt av Folketrygda, det vil seie at tilbodet er gratis. Kontakt fastlege eller Olafiaklinikken ved Oslo universitetssjukehus for vaksinasjon. Vernet er til stades 1–2 veker etter vaksinasjon.
  • Ha god personleg hygiene i samband med sex, det vil seie å vere nøye med vask av hender, kjønnsorgan og anus før og etter sex.
  • Unngå direkte munn-anus kontakt (såkalla rimming) og ubeskyttet oralsex rett etter analsex.

For langvarig vern mot hepatitt A kan ein ta ein ny dose hepatitt A-vaksine etter 6–12 månader. Den andre dosen blir ikkje dekt av Folketrygda og må betalast av kvar enkelt. Etter fullvaksinasjon med to dosar hepatitt A-vaksine varar dekninga i fleire tiår.

Kondom ved analt samleie har avgrensa effekt med tanke på spreiing av hepatitt A-viruset, men vil verne mot andre seksuelt overførbare infeksjonar.

Menn som har sex med menn, og andre personar som utviklar symptom på hepatitt A, bør kontakte lege. Dersom ein får påvist hepatitt A, kan det vere aktuelt å gje nærkontaktar vaksine eller immunglobulin for å hindre vidare smitte.

Til helsepersonell

Folkehelseinstituttet antek at ein del menn som deltek aktivt på sexarenaer for menn i Oslo allereie er vaksinerte mot hepatitt A, til dømes i samband med reisevaksinasjon eller opphald i område eller på arenaer med risiko for hepatitt A-smitte. I tillegg er det for tida mangel på hepatitt A-vaksine. Instituttet anbefaler derfor at ein blir undersøkt for hepatitt A-antistoff før vaksine blir sett.

Dersom personen har IgG-antistoff i blodet, er personen verna mot hepatitt A og treng ikkje vaksine. Dersom det blir påvist IgM-antistoff, kan personen ha ein akutt hepatitt A-sjukdom og bør følgast opp.

Det er venta at fleire doser hepatitt A-vaksine blir tilgjengeleg i løpet av november/desember. Vaksine skal rekvirerast frå og blir utlevert av Folkehelseinstituttet etter blåreseptforskriften paragraf 4.3, gruppe F.

Om hepatitt A

Hepatitt A-viruset gir akutt leverbetennelse, men oftast ingen varig leverskade. Det finst ingen spesifikk behandling av denne virusinfeksjonen. Smitte skjer oftast via forureina drikkevatn eller mat. Viruset kan også overførast fekal-oralt gjennom oralsex og oral-anal kontakt. Smitta personar skil ut virus med avføringa.

Tid frå smitte til sjukdomssymptom er 15 til 50 dagar, som oftast om lag fire veker. Symptom på hepatitt A varierer frå milde til meir alvorlege, og omfattar feber, kvalme, oppkast, mørk urin, lys avføring, magesmerter og ikterus (gulfarga hud og gult på det kvite i auga). Diaré førekjem sjeldan.