Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Snus overtar for røyking blant unge

Blant unge er det no vanlegare å snuse enn å røykje. Det viser oppdateringa av folkehelserapporten på nett: Røyking og snusbruk i Noreg.

FHR_ill_Royking-snus_no.jpg

Andelen som røykjer dagleg går stadig nedover i Noreg. Andelen som snusar går derimot opp. Trenden er særleg tydeleg blant unge.

Blant unge i aldersgruppa 16-24 år er det no fleire som snusar enn som røykjer dagleg:

  • Om lag 5 prosent røykjer dagleg
  • Om lag 20 prosent snusar dagleg

I aldersgruppene over 45 år er det framleis vanlegare å røykje enn å snuse, særleg blant kvinner. Figurane nedanfor viser andelane røykjarar og snusarar i ulike aldersgrupper i 2016. 

FHR_figur1a_tobakk_260617.jpg

Figur 1a. Andelen menn som røykjer eller snusar dagleg. Tal frå 2016. Datakjelde: Norgeshelsa/SSB.

FHR_figur1b_tobakk_260617.jpg

Figur 1b. Andelen kvinner som røykjer eller snusar dagleg. Tal frå  2016. Datakjelde: Norgeshelsa/SSB.

Dersom vi ser på utviklinga sidan 2000, ser vi at snus har auka samtidig som røykinga har gått tilbake.

Utdanning og bustadfylke

Utdanning og bustadsfylke påverkar røykje- og snusvanar hos begge kjønn. Det er flest tobakksbrukarar i grupper med låg utdanning. Røykevanane ser ut til å vere vondast å vende i Østfold, Telemark og Finnmark. Desse fylka har flest daglegrøykjarar.

Det er flest snusarar i Nord-Trøndelag, men fylkesforskjellane er mindre enn for røyking -  når vi ser kjønn og aldersgrupper under eitt.

Hos gravide kvinner ser vi ein sterk nedgang i andelen som røykjer under svangerskapet. Andelen som snusar har vi foreløpig ikkje statistikk for.

Lungekreft aukar framleis

Røyking påverkar helsa på fleire måtar. Det mest alvorlege er lungekreft. Hjarte- og karsjukdom var tidlegare den klart hyppigaste dødsårsaka blant røykjarar. I dag er tobakksrøyking hovudsakeleg ein risikofaktor for kreftdødsfall. Talet på lungekrefttilfelle stig framleis, og sterkast blant kvinner.

Det hjelper å slutte. Dei som sluttar å røykje når dei er 30-50 år, vinn mellom 6 og 20 års levetid samanlikna med dei som held fram med å røykje. 

Også snus påverkar helsa. Snusbruk verkar  inn på hjarte- og karsystemet ved at snusen påverkar blodtrykk og puls. Det er haldepunkt for at snusbruk kan gi større dødelegheit for dei som allereie har ein hjartesjukdom. 

Hos gravide kan snus påverke fosteret.