Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Rekordlåge aborttal – størst nedgang blant dei unge

I åra etter innføringa av sjølvbestemt abort i 1978, var aborttala høgast blant dei under 20 år. Sidan 2008 har nedgangen i aborttala vore størst i denne gruppa. Dette viser nye tal frå Folkehelseinstituttet.

Colourbox.com
Colourbox.com

Frå 1979 til 2016 har talet på utførte abortar gått ned frå 14 224 til 13 169. Dette er ein absolutt nedgang på 1055 abortar. I same periode har det vorte nærare 300 000 fleire kvinner i fertil alder. Tala frå 2016 er dei lågaste sidan Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet vart oppretta i 1979.

Dei nye tala kjem fram i den nye statistikkrapporten som Folkehelseinstituttet publiserer årleg. Tala er også tilgjengeleg i Register over svangerskapsavbrudd (Abortregisteret) og er også forklart i dette faktaarket.

Nedgangen størst blant dei unge

Det har det vore ein vedvarande nedgang i abortrata (talet på abortar per 1000 kvinner) blant kvinner under 25 år. I 1979 var abortrata høgast blant kvinner under 20 år, og frå 1981 fram til 2015 har rata vore høgast for aldersgruppa 20–24 år. I 2016 er det for fyrste gong kvinner i alderen 25–29 år som har den høgaste abortrata.

– Den nedgangen ein fyrst såg i gruppa under 20 år, vidarefører seg oppover i aldersklassane etter kvart som dei vert eldre. Det ser difor ut til at kvinnene tar med seg kunnskap og åtferd frå yngre år. Dette fører til færre uynskte svangerskap også når dei blir godt vaksne, seier overlege Mette Løkeland i Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.

Medikamentell behandling er vanlegaste avbrotsmetode

Svangerskapsavbrot i Noreg etter metode.
Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret).

Medikamentell behandling vart innført i 1998. Sidan 2008 har dette vore den mest brukte og den stadig meir brukte metoden ved svangerskapsavbrot. I 2016 vart 87,5 prosent av alle sjølvbestemte avbrot gjennomført medikamentelt.

– Tal frå Reseptregisteret viser ein generell auke i salet av medikamentell prevensjon. Mellom anna ser ein betydeleg auka sal av p-stavar i 2014 og 2015 for aldersgruppa under 25 år. Studiar har vist at særleg bruk av langtidsverkande prevensjon fører til nedgang i uynskte svangerskap, seier Mette Løkeland.

Dei fleste provoserte abortane var sjølvbestemte

Av dei utførte abortane i 2016 var 12 600 sjølvbestemte (95,7 prosent), og berre 569 vart behandla i nemnd (4,3 prosent). Fordelinga mellom sjølvbestemte og nemndbehandla abortar held seg stabil. Dei fleste sjølvbestemte abortane vart utført før 9. svangerskapsveke (80,7 prosent).

Frå 2015 til 2016 var det ein liten nedgang i talet på nemndbehandla aborter frå 589 til 569. Av dei nemndbehandla abortene dette året, vart 550 innvilga i primærnemnd og 19 i den sentrale klagenemnda.

Lågast førekomst blant 15–19 åringar

Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i abortrata i aldersgruppa 15–19 år:

  • 2008:   18,1
  • 2011:   12,7
  • 2014:   9,6
  • 2016:   7,6

Abortrata blant kvinner i aldersgruppa 15–19 år er i 2016 den lågaste sidan registreringa starta i 1979; berre Finnmark, Troms, Nordland og Oslo hadde ratar over 10 per 1000 kvinner i aldersgruppa i 2016. I Sogn og Fjordane har det vore ei halvering frå 8,1 til 4,1 abortar per 1000 kvinner i denne aldersgruppa frå 2015 til 2016.

– Framleis er det flest provoserte abortar blant kvinner i 20-åra, men ratane er no høgare i alderen 25–29 år enn i gruppa 20–24 år, seier Løkeland.

Dette er abortratane for utvalde år per 1000 kvinner i aldersgruppa 20–24 år:

  • 2008:   30,7
  • 2015:   21,1
  • 2016:   19,0

Nedgang i alle aldersgrupper

Dette er utviklinga dei siste 15 åra:

Svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2001 til 2016, per 1000 kvinner.
Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret). 

For tal fordelt på alder på fylkesnivå, sjå Norgeshelsa statistikkbank.

Abortrata i 2016 var 11,0 per 1000 kvinner i aldersgruppa 15–49 år, altså den perioden av livet at kvinner får barn.

– Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i abortratane i alle aldersgrupper, men spesielt i aldersgruppene under 25 år, konstaterer overlegen i Abortregisteret.

Desse fylka har den høgaste førekomsten

Det er stor regional variasjon i abortratane i Noreg. Den høgaste førekomsten i 2016 finn ein i Oslo, Finnmark og Nordland. Lågast er den i Aust-Agder, Vest-Agder og Møre og Romsdal.

Flest svangerskapsavbrot i 2016 per 1000 kvinner i aldersgruppa 15-49 år:

  • Oslo:                           14,5
  • Finnmark:                   13,9
  • Nordland:                   12,5

Færrast svangerskapsavbrot i 2016 per 1000 kvinner i aldersgruppa 15–49 år:

  • Aust-Agder:               8,2
  • Vest-Agder:               8,6
  • Møre og Romsdal:      8,7

– Det har vore ein nedgang i utførte abortar i alle fylka, konstaterer overlege Mette Løkeland i Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.

Relaterte dokumenter