Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Dei fleste vaksne veg for mykje

Overvekt og fedme blant vaksne aukar. 1 av 4 har fedme. Mindretalet er normalvektige.

Gruppe overvektige som trener
Colourbox

Kapitlet «Overvekt og fedme» i Folkehelserapporten (nettutgåva) er oppdatert med nye tal frå blant anna helseundersøkningar i Nord-Trøndelag og Tromsø. Tala viser at:

  • dei fleste menn og kvinner har overvekt eller fedme  
  • 25 prosent av menn og 21 prosent av kvinner har fedme

- Vi ser ein urovekkjande utvikling både blant unge vaksne og vaksne. Spesielt gjeld dette funnet av at nærare 1 av 4 vaksne har fedme, seier overlege Haakon E. Meyer ved Folkehelseinstituttet.

Sjølv om flest menn har fedme, er prosentdelen med grad 2 eller grad 3 fedme (KMI ≥ 35 og 40 kg/m2) høgare blant kvinner (6,7 prosent mot 5,4 prosent blant menn), sjå figur 1. 

FHR_figur4_overvektogfedme.jpg

Figur 1. Prosentdel (%) menn og kvinner 40–45 år med fedme i Tromsø og Nord-Trøndelag. Grønt viser prosentdel med grad 1 fedme (KMI 30–34,9 kg/m2), og lilla viser prosentdel med grad 2 eller 3 fedme (KMI ≥ 35 kg/m2). Andelen med overvekt kjem i tillegg.
Kjelder: Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT, 2006-2008, Midthjell, upubliserte data) og Tromsø (2015/6, Jacobsen, upubliserte data).

Andelen vaksne med overvekt og fedme har auka dei siste 40 - 50 åra. Figur 2 viser korleis førekomsten av fedme har auka jamt hos menn og kvinner i Tromsø dei siste 20 åra. Fedme vil seie at kroppsmasseindeksen (KMI) er på 30 kg/m2 eller over, sjå faktaboksen. Det er først og fremst fedme som er forbunde med auka helserisiko.

FHR_figur5_overvektogfedme.jpg

Figur 2. Prosentdel med fedme (KMI ≥ 30 kg/m2) i Tromsøundersøkinga. Menn og kvinner 40–69 år, aldersjusterte tal. Andelen med overvekt er ikkje inkludert og kjem i tillegg. Kjelde: Koster Jacobsen, upubliserte data.

Også auke blant unge vaksne

Andelen unge med overvekt har også auka dei siste tiåra.  Helseundersøkingane frå Nord-Trøndelag i perioden 1995/1997 – 2006/2008 viser at gjennomsnittsvekta og den samla andelen unge med enten overvekt eller fedme har auka.

Tromsøundersøkinga «Fit futures 2» frå 2012-2013 viser at 21 prosent av unge kvinner og 28 prosent av unge menn i alderen 18-20 år har overvekt eller fedme. 

- Kva betyr det for folkehelsa at andelen med fedme aukar?

- Overvekt og spesielt fedme er ein risikofaktor for sjukdomar som blant anna hjarteinfarkt, type 2 diabetes og enkelte kreftsjukdomar. Fedme gir også auka risiko for slitasje i hofte og kne. Mange med fedme kjenner seg dessutan stigmatiserte, seier Meyer.

Han understrekar imidlertid at bildet er samansett. - Hyppigheita av hjarte- og karsjukdomar har gått ned sjølv om gjennomsnittsvekta har gått opp. Ei av årsakene til dette kan vere at vi samtidig har hatt ei gunstig utvikling når det gjeld fettkvaliteten i kosthaldet, nedgang i blodtrykket og færre som røyker. Vi må huske at overvekt og fedme er ein av fleire risikofaktorar for sjukdom.

Internasjonal trend

- Tilsvarande vektoppgang er rapportert frå mange andre land, og heilt overordna har det truleg si forklaring i at vi lever i eit fedme-fremmande samfunn som legg til rette for eit matinntak (kaloriinntak) som er høgare enn forbruket. Med andre ord, det er lett å ete for mykje og å bevege seg for lite, seier Meyer.

Auken hos barn har stoppa opp

Når det gjeld barn, ser det ut til at andelen med overvekt ikkje lenger aukar. Det siste tiåret har den samla prosentdelen skulebarn som har overvekt eller fedme, forandra seg lite. Sjå figur 3 som viser tal frå Barnevekststudien ved Folkehelseinstituttet.

  • Samla sett har mellom 15 og 20 prosent av barn overvekt eller fedme, det vil seie om lag 1 av 6 barn. 
FHR_figur1a_overvektogfedme.jpg

Figur 3. Prosentdel (%) gutar og jenter i tredje klasse (8–9-åringar) som har overvekt eller fedme. Kjelde: Barnevekststudien 2008, 2010, 2012 og 2015, Folkehelseinstituttet.

- Det er gledeleg at det ser ut til at andelen barn med overvekt og fedme har stabilisert seg og ikkje lenger aukar, seier Meyer.

Skilnader i befolkninga

Folkehelserapporten tar også for seg skilnader i befolkninga:

  • Andelen overvektige barn er 50 prosent høgare på landsbygda enn i byane.
  • Førekomsten av overvekt og fedme blant ungdom er høgast i Helse Nord og lågast i Helse Sør-Aust.
  • I den vaksne samiske befolkninga er det ein høgare del med fedme enn i den ikkje-samiske befolkninga.
  • Blant vaksne er prosentdelen med fedme lågare blant dei som har høg utdanning enn blant dei med lågare utdanning. Blant barn er andelen med overvekt 30 prosent høgare blant barn av mødre med låg utdanning enn blant barn av mødre med høg utdanning.

Les meir i Folkehelserapporten: Overvekt og fedme i Noreg  

Eksempel på overvekt og fedme - vaksne

KMI = kroppsmasseindeks, som er eit uttrykk for vekta i forhold til kroppsoverflata (kroppshøgd x kroppshøgd; m2). Målet for KMI er kg/m2.

Overvekt: 

  • KMI 25,0–29,9 kg/m2. Ein person som er 170 cm høg og veg 73 kg har så vidt passert grensa for overvekt på 25 kg/m2.

Fedme:

  • KMI ≥ 30 kg/m2

Fedme blir delt i tre undergrupper:

  • Fedme grad 1: KMI 30–34 kg/m2. Betyr i praksis at vekta er over 87 kg for ein person som er 170 cm høg.
  • Fedme grad 2: KMI 35-39 kg/m2. Betyr i praksis at vekta er over 101 kg for ein person som er 170 cm høg.
  • Fedme grad 3: KMI ≥ 40 kg/m2. Betyr i praksis at vekta er over 116 kg for ein person som er 170 cm høg.

Begrepet sjukeleg fedme blir brukt om KMI ≥ 40 kg/m2 eller KMI ≥ 35 kombinert med minst éin følgjesjukdom.

Relaterte saker