Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Norsk helseteneste står seg internasjonalt

Norske legar er blant dei mest restriktive innan OECD-landa med å skrive ut breispektra antibiotika. Norsk helseteneste kjem, med ein del unntak, godt ut i ein rapport som samanliknar desse landa.

Colourbox.com
Colourbox.com

Dette kjem fram i den nye rapporten «Health at a Glance» frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Samstundes med den internasjonale rapporten som vart lagt fram den 10. november, presenterte Folkehelseinstituttet ein norsk kommentarrapport som utdjupar og forklarar dei norske resultata.

Visuell framstilling av indikatorar frå Health at a Glance 2017

Kjelde: http://www.oecd.org/health/

Noreg kjem godt ut på ein rekkje områder, på nokre er vi midt på treet, mens for andre er vi blant den dårlegaste tredelen av OECD-landa.

Nordmenn blant dei friskaste i OECD-landa

Ifølgje OECD har Noreg eit relativt dyrt helsevesen, men samstundes er befolkninga sikra god tilgang på helsetenester av generell høy kvalitet.

– Nordmenn er blant dei friskaste i OECD-landa. Den gode helsedekninga bidrar til dette saman med deira sunne livsstil. Men helsesystemet står overfor nokre utfordringar, for eksempel når det gjeld å redusere førekomsten og dødelegheita av enkelte typar kreft, seier helseanalytikar Chris James i helsedivisjonen ved OECD.

Han legg til at Noreg også har utfordringar knytt til behandling av diabetes, i form av mange utførte amputasjonar som følgje av sjukdomen blant desse pasientane.

Skriv ut mindre antibiotika i Noreg

Noreg har eit klart helsepolitisk mål om å redusere forbruket av antibiotika, slik at ein kan førebyggje utvikling av bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika (antibiotikaresistente bakteriar). I den nye rapporten frå OECD blir det fastslått at norske legar i primærhelsetenesta skriv ut mindre antibiotika enn kollegar i mange andre land.

Vi er òg blant dei beste når det gjeld å redusere bruken av breispektra antibiotika. Slike antibiotika verker på fleire typar bakteriar og vil i større grad bidra til å utvikle resistens. Det er difor gunstig å bruke smalspektra antibiotika når ein kan. Norske, danske og svenske legar skriv ut minst breispektra antibiotika. Dei landa der legane skriv ut mest breispektra antibiotika er Sør-Korea, Tyrkia og Italia.

Canada og Noreg er dessutan dei to landa der barn i aldersgruppa 0–9 år bruker minst antibiotika, mens Noreg og Nederland har lågast forbruk av antibiotika for barn og unge vaksne i alderen 10–19 år. Alt i alt skriv legane i primærhelsetenesta i Sverige ut noko mindre antibiotika enn i Noreg, Danmark og Finland, mens Nederland framleis er det landet der legane i primærhelsetenesta skriv ut minst antibiotika totalt.

Seniorforskar Hege Salvesen Blix i Folkehelseinstituttet si avdeling for legemiddelepidemiologi seiar at dei nordiske landa og Nederland i all den tida Noreg har hatt legemiddelstatistikk, har vore blant dei landa med lågt forbruk av antibiotika.

– Dette bidrar til at vi har lite antibiotikaresistens og gjer at vi fortsatt kan bruke smalspektra antibiotika. Det har vore mykje merksemd på riktig antibiotikabruk dei siste åra, og våre legar i primærhelsetenesta er flinke til å etterleve retningslinjer for riktig antibiotikabruk.

Oversikt over DDDs per 1000, per dag

Kjelde: European Centre for Desease Prevention and Control og OECD Health Statistics 2017

Ho seier at det blant anna viser seg ved at det her i landet blir brukt mykje smalspektra antibiotika og lite antibiotika til barn.

Noreg er god på behandling av hjerteinfarkt

Noreg er også blant den beste tredelen av OECD-land når det gjeld dødelegheit av hjerteinfarkt og hjerneslag. Avdelingsdirektør Anne Karin Lindahl, som er ansvarleg for fagområdet kvalitet og pasientsikkerheit i Folkehelseinstituttet, forklarar den låge dødelegheita slik:

– Det er heilt vesentleg for resultata ved både hjerteinfarkt og hjerneslag at pasientar som skal ha behandling med utblokking, blodproppfisking eller blodproppoppløysande behandling får dette raskt. Men også god og kunnskapsbasert oppfølging av pasientar etter slik behandling, og av pasientar som ikkje skal ha slik behandling, verkar sterkt inn på dei gode resultata.

Lindahl er blant anna hovudansvarleg for instituttet sitt arbeid med dei norske kvalitetsindikatorane knytta til overleving etter blant anna hjerteinfarkt. På dette og andre fagområde melder Folkehelseinstituttet tilbake til sjukehusa og eigarane korleis dei utviklar seg frå det eine året til det andre. Folkehelseinstituttet og en rekkje andre helseaktørar melder frå til Helsedirektoratet og helsenorge.no tal som indikerer kvaliteten på dei ulike helsetenestene.

– Det systematiske arbeidet med forbetring av kvalitetsindikatorar ved for eksempel hjerteinfarkt har bidratt til mange av dei gode resultata som kjem fram i OECD-rapporten, seier Anne Karin Lindahl.

Noreg kjem også godt ut på fleire andre område, blant anna forventa levealder, berekna både ved fødsel, 65 års alder og etter utdanning. Vi har låg spedbarnsdødelegheit, få sjølvmord og god eigenvurdert helse. Vi er blant dei landa med flest tilfelle av akutt leukemi hos barn, men vi er likevel blant dei landa kor desse barna har størst sjanse for å overleve sjukdomen. Norge er dessutan blant dei få landa kor andelen eldre på institusjon er redusert frå 2005 til 2015.

Internasjonal samanlikning gjev eit forenkla bilde

Den internasjonale rapporten har ei oversikt over korleis helsesystemet i dei ulike landa presterer på en rekkje områder som:

  • helsetilstand og helsevaner i befolkninga
  • kva slags ressursar dei ulike landa har, og korleis dei blir brukt
  • kvaliteten på helsetenestene
  • ulike mål for effektivitet og tilgang på tenester

Lindahl understreker at det er klare utfordringar knytt til slike internasjonale samanlikningar. Når man slår saman resultat frå fleire land, går alltid mykje informasjon og nyanser tapt.

– Resultatet blir eit forenkla bilde. Likevel er slike samanlikningar viktige, fordi dei kan antyde om det er skilnad mellom helsesystema i ulike land. Dei kan også bidra til ein aksept for behovet for kvalitetsforbetring i helsetenesta i det enkelte land, seier avdelingsdirektøren.

Den norske rapporten grupperer resultata i tre delar: den tredelen av land som har dei beste resultata, dei som er midt på treet og dei som har dei dårligaste resultata blant dei 35 OECD-landa.

Ifølgje OECD er Noreg blant den beste tredelen av land på desse områda

Denne lista er ikkje utfyllande, og den gjev eit forenkla bilde av situasjonen. Heile oversikta med forklaringar er å finne i den internasjonale rapporten og den norske kommentarrapporten.

Antibiotika

  • Utskriving av antibiotika i primærhelsetenesta
  • Utskriving av antibiotika til barn i primærhelsetenesta

Fødslar

  • Fødselsskade hos mor etter vanleg fødsel med instrument

Kreft

  • Fem års overleving etter brystkreft
  • Dødelegheit ved brystkreft (overleving som vi bruker i Noreg)
  • Total dødelegheit ved tjukk- og endetarmskreft
  • Fem års netto overleving etter tjukktarmskreft aleine
  • Fem års netto overleving etter endetarmskreft aleine
  • Overleving for leukemi hos barn
  • Overleving etter brystkreft
  • Mammografiscreening

Annan somatisk sjukdom

  • Innleggelse for hjertesvikt frå primærhelsetenesta
  • Innleggelse for diabetes frå primærhelsetenesta
  • 30 dagers overlevelse ved akutt hjerteinfarkt
  • Ventetid til operasjon ved hoftebrudd
  • Blodpropp etter hofte- og kneoperasjon

Livsstil

  • Konsum av frukt blant barn
  • Røyking blant barn
  • Eigenrapportert overvekt hos vaksne (over 15 år)
  • Eigenrapportert og målt overvekt og fedme hos barn

Andre indikatorar

  • Dekning av helsepersonell
  • Luftforureining

Ifølgje OECD er Noreg blant den midtre tredelen av land på desse områda

Denne lista er ikkje utfyllande, og den gjev eit forenkla bilde av situasjonen. Heile oversikten med forklaringer er å finne i den internasjonale rapporten og den norske kommentarrapporten.

Apotek og legemiddel

  • Tilgang på apotek
  • Bruk av langtidsvirkande benzodiazepiner («beroligende») hos eldre

Livsstil

  • Alkoholforbruk blant barn (berusa meir enn to gonger)
  • Konsum av frukt blant vaksne
  • Konsum av grønsaker blant vaksne

Kreft

  • Samla dødelegheit ved kreft

 Annan somatisk sjukdom

  • Innlegging i sjukehus av personar med astma og kols
  • Blodtrykksbehandling ved diabetes i primærhelsetenesta
  • Gjenglemt gjenstand etter operasjon
  • Førekomst av diabetes blant vaksne

Fødslar

  • Fødselsskade hos mor etter vanleg fødsel utan bruk av instrument

Psykisk helse

  • Dødelegheit knytta til psykisk helse

Ifølgje OECD er Noreg blant den dårlegaste tredel på desse områda

Denne lista er ikkje utfyllande, og den gjev eit forenkla bilde av situasjonen. Heile oversikten med forklaringar er å finne i den internasjonale rapporten og den norske kommentarrapporten.

Psykisk helse

  • Dødeligheit ved psykisk sjukdom

Pasienterfaringar

  • Om legar har nok tid
  • Om legar er lette å forstå
  • Om legar involverer pasient

Legemiddel

  • Bruk av benzodiazepiner i meir enn eitt år hos eldre
  • Influensavaksinasjon hos eldre

Kreft

  • Førekomst av leukemi hos barn
  • Førekomst av kreft
  • Førekomst av diabetes type 1 blant barn

Annan somatisk sjukdom

  • Fotamputasjon ved diabetes
  • Blodforgifting (sepsis) etter operasjon