Få varsel ved oppdateringer av «Færre døyr av kreft og hjarte- og karsjukdom før fylte 70 år»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Færre døyr av kreft og hjarte- og karsjukdom før fylte 70 år
Nyhet
Færre døyr av kreft og hjarte- og karsjukdom før fylte 70 år
Sidan 2010 er dødsfall av ikkje-smittsame sjukdomar før fylte 70 år redusert med 18 prosent. Årsaka er først og fremst nedgangen i dødsfall ved kreft og hjarte-karsjukdomar.

Sidan 2010 er dødsfall av ikkje-smittsame sjukdomar før fylte 70 år redusert med 18 prosent. Årsaka er først og fremst nedgangen i dødsfall ved kreft og hjarte-karsjukdomar.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden
I Noreg gjekk talet på tidlege dødsfall ned frå 257 per 100 000 innbyggjarar i 2010 til 211 i 2015, noko som tilsvarar 18 prosent nedgang.
Målet er 25 prosent nedgang i perioden 2010 til 2025.
- Vi er på god veg til å nå målet, seier Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet.
Dei ikkje-smittsame sjukdomane er i dag den viktigaste årsaka til tidleg død blant vaksne i både rike og mange fattige land.
Med «tidleg død» meinast det her dødsfall før fylte 70 år. Dei ikkje-smittsame sjukdomane som inngår i statistikken, er kreft, hjarteinfarkt, hjerneslag og andre hjarte- og karsjukdomar, diabetes og lungesjukdomen kols.

Figur 1 viser at nedgangen i tidlege dødsfall først og fremst heng saman med færre dødsfall som skuldast kreft og hjarte- og karsjukdomar som hjarteinfarkt og hjerneslag. Figuren viser tal heilt tilbake til 2005. Den prosentvise nedgangen på 18 prosent gjeld for perioden 2010 til 2015.
Ni mål i kampen mot ikkje-smittsame sjukdomar
Verdas helseorganisasjon (WHO) vedtok i mai 2012 eit mål om å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar med 25 prosent i perioden 2010 til 2025. I tillegg er det åtte andre mål, sjå nedanfor. Dei ni måla blir ofte omtalt som NCD-måla. NCD står for non-communicable diseases (ikkje-smittsame sjukdomar).
- Sjå alle mål med resultat i den nye nettpublikasjonen Indikatorer for ikke-smittsomme sykdommer (NCD)
Fedme ei stor utfordring
- 18 prosent nedgang i tidleg død frå 2010 til 2015 er bra, men vi må ikkje la det bli ei sovepute. Ei utfordring for Noreg kan vere at vi allereie no har tatt ut nokre effektar ved at mange har slutta å røyke. Spørsmålet er om vi får ein ytterlegare nedgang i åra framover, påpeikar Stoltenberg.
- Fleire av dei andre NCD-måla, blant anna målet om å redusere fedme, er ei stor utfordring for folkehelsa og krev ein vedvarande innsats, seier Stoltenberg.
Positiv utvikling for sju av ni mål
Dei ni måla som WHO har sett opp for å kjempe mot dei ikkje-smittsame sjukdomane, er vist i figur 2. I tillegg til å redusere tidlege dødsfall før fylte 70 år, som er mål nummer éin, er målet å redusere dei fire viktigaste felles risikofaktorane:
- Tobakksbruk
- Usunt kosthald
- Fysisk inaktivitet
- Høgt alkoholforbruk
Det er òg andre mål som gjeld blodtrykk, fedme og tilgang til behandling for alle som treng det.
Regjeringa har utarbeidd ein eigen nasjonal NCD-strategi for perioden 2013-2017. No er det planar om å lage ein oppfølging av denne.
Status for Noreg er at utviklinga synest å vera positiv for sju av dei ni måla. For eitt mål har vi ikkje klart å snu utviklinga, tvert imot går det i feil retning. Det gjeld målet om å stanse auken i fedme og diabetes, sjå figur 2 nedanfor. For eit anna mål, redusert salt i kosthaldet, har vi førebels ikkje data som viser utviklinga over tid.
- At utviklinga er positiv for sju av ni mål, tyder på at Noreg stort sett er på riktig veg. Vi må likevel følgje utviklinga tett. På fleire område treng vi betre talgrunnlag over tid. Det gjeld til dømes tal for fysisk inaktivitet blant barn og saltinntaket i befolkninga over tid, seier områdedirektør ved Folkehelseinstituttet, Knut-Inge Klepp. Det er òg eit spørsmål om vi vil få ei negativ utvikling på enkelte mål på grunn av den aukande andelen vaksne med fedme.
Han legg til at dei ni NCD-måla dessutan berre er eitt av fleire bilete på helsetilstanden i befolkninga. For Noreg vil det vere viktig å følgje med på om den positive utviklinga skjer i alle sosiale lag, eller om vi går i ei retning mot større sosiale helseforskjellar.
Figur med oversikt
Figur 2 nedanfor viser dei 9 måla og status for Noreg.

Figur 2: Status for Noreg basert på dei tala vi har i dag. Det er ei positiv utvikling for dei fleste måla, men vi har ikkje har klart å stoppe utviklinga i andelen med diabetes og fedme. *NCD = non-communicable diseases = ikkje-smittsame sjukdomar som her omfattar hjarte- og karsjukdomar, kreft, kroniske lungesjukdomar (først og fremst kols) og diabetes.
Kommentarar til figur 2 med lenke til dei aktuelle kapitla i publikasjonen:
Mål 1 . For tidleg død (før fylte 70 år): Gjeld perioden 2010-2015.
Mål 2 . Alkohol:
- Inga endring i andelen med episodisk høgt alkoholinntak (2012-2016).
- 8 % nedgang i alkoholforbruk (2010-2016).
- 8 % nedgang i alkoholrelaterte dødsfall (2010-2015).
- Vi manglar indikator for alkoholrelaterte sjukdomar.
Mål 3. Fysisk inaktivitet:
- Ein liten nedgang i andelen vaksne som er tilstrekkeleg fysisk aktive (inaktive) 2009/10-2014/15 .
- For barn har vi tal for 2011, men vi manglar førebels tal for utviklinga vidare.
Mål 4. Saltinntak. Her har vi tal frå 2015/16, men vi manglar tal for utvikling over tid.
Mål 5 . Tobakksbruk: Alle tal gjeld for perioden 2010-2015:
- 10 % nedgang i del vaksne menn som røykjer og/eller snusar (dagleg eller av-og-til).
- 19 % nedgang i del vaksne kvinner som røykjer og/eller snusar (dagleg eller av-og-til).
- 19 % nedgang i del unge menn som røykjer og/eller snusar (dagleg eller av-og-til).
- 22 % nedgang i del unge kvinner som røykjer og/eller snusar (dagleg eller av-og-til).
Mål 6 . Høgt blodtrykk: Tal frå perioden 2007/08-2015/16 viser følgjande:
- 24 % nedgang i del vaksne menn med for høgt blodtrykk.
- 25 % nedgang i del vaksne kvinner med for høgt blodtrykk.
Mål 7. Diabetes og fedme:
- 54 % auke i andelen menn som har diabetes (2007/08 – 2015/16).
- 63 % auke i andelen kvinner som har diabetes (2007/08 – 2015/16).
Fedme:
- Inga endring i delen barn som har fedme (2005-2015).
- 26 % auke i delen vaksne menn som har fedme (2007/08 – 2015/16).
- 18 % auke i delen vaksne kvinner som har fedme (2007/08 – 2015/16).
Mål 8. Medikamentell behandling for å førebyggja hjarteinfarkt og hjerneslag hos personar med høg risiko.
I Noreg er andelen langt høgare enn 50 prosent.
Mål 9. Tilgang til medisinsk behandling for ikkje-smittsame sjukdomar (NCD-medisinar).
I Noreg er andelen som har tilgang til NCD-medisinar nær 100 %.
- Sjå heile nettpublikasjonen Indikatorer for ikke-smittsame sjukdomar (NCD)
Nasjonal gruppe
I Noreg er det etablert ei nasjonal gruppe (NCD-gruppa) som har samla og presentert data om dei ni måla. Desse dataene er no publisert på nettsidene til Folkehelseinstituttet i form av såkalla indikatorar. Gruppa utgjer redaksjonen for denne publikasjonen.
I åra framover vil dei norske tala bli oppdaterte.
For media
For kontaktpersonar i den nasjonale NCD-gruppa, sjå eigen artikkel.