Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Mindfulness - helsefremjande tiltak som verkar»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Mindfulness - helsefremjande tiltak som verkar

Forskningsfunn

Mindfulness - helsefremjande tiltak som verkar

Kurs i stressmeistring ved hjelp av mindfulness gjev betre psykisk helse. Det viser ein ny rapport frå Campbell-samarbeidet.

Minfulness skrevet i sand
Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

Kurs i stressmeistring ved hjelp av mindfulness gjev betre psykisk helse. Det viser ein ny rapport frå Campbell-samarbeidet.


- Dette er ei systematisk oversikt som viser at kurset Mindfulness Based Stress Reduction, samanlikna med ei ventelistegruppe, har ein middels sterk effekt på psykisk helse. Effekten held seg så lenge studien varar. Oversikta viser òg tydeleg effekt på livskvalitet og mål for personleg utvikling, seier lege og PhD Michael de Vibe som har skrive rapporten.

Rapporten Mindfulness-based stress reduction (MBSR) for improving health, quality of life and social functioning in adults (Campbell Collaborations nettsider).

Rapporten inneheld ein metaanalyse av effekten på helse og livskvalitet av å trene mindfulness. Oversikta tek for seg 101 randomiserte kontrollerte studiar (med 8 100 deltakarar) av det mest kjende kursprogrammet i mindfulness (Mindfulness Based Stress Reduction, MBSR).

Studiane er gjennomført i USA, Europa inkludert Noreg og Sverige, Asia og Australia, og målgruppene har vore både pasientar med psykiske eller fysiske sjukdomar, og grupper i normalbefolkninga, som lærarar, helsepersonell, studentar og andre.

Betydeleg betre effekt på psykisk helse

Mange helseføretak i Noreg tilbyr i dag kurs i MBSR, og metoden vert brukt innan arbeid med pårørande, innan utdanning og i kriminalomsorga.  I tillegg er ei instruktørutdanning på 18 månader etablert ved NTNU-Gjøvik.

Den nye systematiske oversikta er ei oppdatering av ei Campbell-oversikt frå 2012.

- Det nye no er at oversikta inneheld 37 studiar som samanliknar MBSR med andre aktive psykososiale intervensjonar. MBSR viste ein signifikant betre effekt på psykisk helse, og like god effekt på livskvalitet, seier de Vibe.

Ein god del av dei inkluderte studiane har metodiske svakheiter, men dei nyare studiane, spesielt dei med aktive kontrollgrupper, viser høgare kvalitet.

Finn høve for vekst og meining

Mindfulness fremjar helse og velvære ved å endre måten vi møter stress og utfordringar på. Ved å skape eit mellomrom mellom seg sjølv og stresset, såkalla kognitiv desentrering, blir det lettare å få auge på nye måtar å meistra stresset på.

- Slik finn vi høve for vekst og meining i det som skjer oss. Dette styrkjer dei tre eigenskapane som vi i dag veit er sentrale for å fremja helse, nemleg forståing, handtering og meining. Ut frå det vi veit i dag, kan kursa trygt tilrådast som eit helsefremjande tilbod for både pasientar, pårørande og normalbefolkninga, avsluttar Michael de Vibe.

Om Michael de Vibe

Michael de Vibe er lege og familieterapeut, han tok doktorgrad på bruk av mindfulness for medisin- og psykologistudentar i 2014, og har arbeidd med kvalitet i helsetenesta i 20 år. Han har nyleg gått av med pensjon frå Folkehelseinstituttet.

Interessekonflikt: Michael de Vibe held kurs i Mindfulness.