Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Brei oppslutning om HPV-vaksine blant unge kvinner

I løpet av det første året har meir enn 83 000 kvinner takka ja til gratis HPV-vaksine. Dette viser nye tal frå Folkehelseinstituttet.

Illustrasjonsfoto: unge kvinner. Foto fra Colourbox
Illustrasjonsfoto: unge kvinner. Foto fra Colourbox

Sidan 1. november i fjor har unge kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, fått tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Dette midlertidige tilbodet er retta mot kvinner som  tidlegare ikkje har fått tilbod om HPV-vaksine og dei som tidlegare har takka nei.

Langvarig HPV-infeksjon aukar risikoen for livmorhalskreft og nokre andre kreftformer, og HPV-vaksine kan førebygge utvikling av desse kreftformene.

83 877 kvinner har takka ja

Tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK viser at 83 877 kvinner har tatt imot tilbodet om HPV-vaksine i løpet av dei første tolv månadene av det toårige vaksinasjonsprogrammet, det vil seie i perioden 1.november 2016 til 31.oktober 2017. 

– Det er gledeleg at tilbodet om gratis HPV-vaksine er tatt så godt imot over heile landet. Det syner at mange unge kvinner ønskjer å beskytte seg mot livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege ved Folkehelseinstituttet. Ho framhevar at det er viktig at alle som har starta vaksinasjon, hugsar å ta alle tre dosane slik at dei får full effekt av vaksinen.

90 prosent beskyttelse

Vaksinen som blir gitt til unge kvinner, gir rundt 90 prosent beskyttelse mot alvorlege celleforandringar hos kvinner som ikkje var smitta med HPV på vaksinasjonstidspunktet.

Dei fleste HPV-infeksjonar går over av seg sjølv, men ikkje alle. Dersom ein HPV-infeksjon held fram, aukar risikoen for å utvikle celleforandringar i livmorhalsen, som er eit forstadium til livmorhalskreft. Dette kan vaksinen forhindre.

HPV informasjonsbrosjyre 2016.jpg

– Vi får ofte spørsmål frå unge kvinner om dei treng å ta vaksinen dersom dei berre har hatt éin partnar. Til det pleier vi å svare at vi tilrår vaksinasjon om ein har ingen, ein eller fleire partnarar. Sjølv om ei kvinne har fast partnar no, kan det endre seg i framtida. Det er dessutan no tilbodet om vaksine er gratis, seier Greve-Isdahl.

Siste frist for å starte med det gratis vaksinasjonsprogrammet er utgangen av 2018, og den siste av dei tre vaksinedosane må takast innan 1. juli 2019.

Tal for kommunar og bydelar

I tillegg til landstal legg Folkehelseinstituttet også fram tal for andelen vaksinerte kvinner i kommunar og bydelar. Nokre kommunar vil imidlertid ikkje finne tal i statistikkbanken, oftast på grunn av låge tal og personvernomsyn.

– Kommunehelsetenesta har gjort ein formidabel jobb, heile 197 831 dosar HPV-vaksine har blitt gitt sidan vaksinasjonstilbodet blei lansert for eitt år sidan, seier Greve-Isdahl.

Tala i statistikkbanken er basert på adressa i Folkeregisteret. Prosentandelen vaksinerte kvinner gir derfor ikkje nødvendigvis eit fullstendig bilete av vaksinasjonsarbeidet som er utført i kommunen.

Finn prosentandelen unge kvinner som har fått minst ein dose HPV-vaksine (dekningsgraden) i perioden 1.11.2016 til 31.10.2017: 

Biverknader

Statens legemiddelverk har godkjent HPV-vaksinen Cervarix etter ei grundig vurdering av effekt og biverknader. Som alle andre legemiddel vart vaksinen godkjent både hos internasjonale og nasjonale legemiddelstyresmakter før han vart teken i bruk.

Alle mistenkte biverknader, både dei som blir rapportert frå helsepersonell, produsentar og pasientar, blir registrerte i databasen til Legemiddelverket. Sidan 1. november 2016 er det innrapportert totalt 91 meldingar om mistenkte biverknader for Cervarix som gjeld kvinner i denne aldersgruppa. Av desse var 78 melde av helsepersonell og gjeld unge kvinner som har fått Cervarix gjennom vaksinasjonsprogrammet. Folkehelseinstituttet handterer berre biverknadsmeldingar som er sende inn av helsepersonell.

Melde biverknader gjeld i hovudsak milde og forbigåande symptom som er godt kjende frå før, slik som smerter på stikkstaden og i injeksjonsarmen, hovudpine, svimmelheit, generell sjukdomsfølelse ofte med feber, utslett og kløe. Desse symptoma går over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar.

– Dei melde biverknadene gir ikkje grunnlag for å endre anbefalinga om HPV-vaksine til unge kvinner, seier Greve-Isdahl.

Statens legemiddelverk publiserer full oversikt over biverknader, og neste rapport kjem i desember 2017. Den sist tilgjengelege rapporten kan lesast på nettsida til Statens legemiddelverk; HPV-vaksine og bivirkninger.  

Relaterte saker

Eksterne lenker