Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet
Brukeropplevd kvalitet

Fødande sine erfaringar med barselopphaldet varierer

Dei fødande har jamt over gode erfaringar når ein ser landet under eitt, men erfaringane med barselopphaldet varierer. Det viser ei spørjeskjemaundersøking frå Folkehelseinstituttet.

Illustrasjonsbilde: Colourbox
Illustrasjonsbilde: Colourbox

Resultata frå Folkehelseinstituttet si undersøking av brukarerfaringar frå føde- og barselavdelingar i heile landet er nå klare. Eit utval på 8279 av alle kvinner som fødde i siste kvartal i 2016 vart spurd om å ta del i undersøkinga over internett. Av desse svarte 3747 (45,3 prosent). Det er laga ein nasjonal rapport og fleire lokale rapportar.

Ifølge fyrsteforfattaren tyder erfaringane frå barselopphaldet på at fleire behandlingsstader med mindre gode resultat med fordel kan forbetre tilbodet til desse kvinnene.

– Det er grunn til å anta at dei har noko å lære av behandlingsstader med betre brukarerfaringar, seier seniorforskar Ingeborg Strømseng Sjetne i Folkehelseinstituttet.

Svara kan indikere kvalitet

Kvinnene fekk eit brev heim med informasjon og ein kode til å logge seg på ei internettside for å svare på inntil 54 spørsmål. Dei fleste enkeltspørsmåla vart satt saman til åtte grupper med felles tema (=indikatorar). Desse spørsmålsgruppene gjer det mogleg å samanfatte resultata til pålitelege mål på erfaringar. Resultata visast som ein skår på ein skala frå null til hundre – jo høgare, dess betre.

Dette er svara samla frå heile landet:

  • Høgast skår: Sjølve fødselen
    Dei tre indikatorane som handlar om erfaringane frå sjølve fødselen har fått dei høgaste skåra.
  • Lågast skår: Barselopphaldet
    Indikatorane som samlar spørsmål om barselopphaldet har fått lågare skår.

Dette er den nasjonale gjennomsnittsskåren på indikatorane. Skalaen går frå 0 til 100:

Fase av opphaldet

Indikator

Nasjonalt gjennomsnitt

Sjølve fødselen

Ivaretaking av partnaren

88

 

Relasjonen til personalet

86

 

Rammer og organisering

81

 

 

 

Barselopphaldet

Relasjonen til personalet

79

 

Ivaretaking av partneren

77

 

Rammer og organisering

68

 

Informasjon om barnet              

67

 

Informasjon om kvinna si helse

58

Strømseng Sjetne seier at det er noko variasjon mellom behandlingsstadene når det gjeld erfaringar frå avdelinga der barnet blei fødd, men forskjellane mellom behandlingsstadene er større når det gjeld barselopphaldet.

– Dette er ein uønskt situasjon, ettersom helsepolitikken i landet handlar om å gje tenester som er likeverdige, uavhengig av geografi, meiner seniorforskaren.  

Eigen rapport til kvar fødeavdeling

Det er skrive ein rapport som syner resultata frå heile landet sett under eitt. Kvar fødeavdeling eller fødeinstitusjon, kvart helseføretak og kvart regionalt helseføretak har dessutan fått sin eigen rapport. Det gir høve til å studere resultatet til den einskilde eininga i detalj, og å jamføre med andre einingar på same nivå i helsetenesta.

For dei kvinnene som ville, var det mogeleg å skrive på fri hand om sine opplevingar til slutt i undersøkinga.

– På førespurnad kan behandlingsstadene få tilgang til desse tekstane, slik at informasjonen dei inneheld kan nyttast i deira interne kvalitetsforbetringsarbeid, seier Ingeborg Strømseng Sjetne.

Skal samanlikne betre over tid

Det er andre gong undersøkinga er gjennomført, førre gong var blant kvinner som fødde i siste kvartal i 2011. Enkelte element i framgangsmåten er endra sidan den gongen, så det er uvisst i kva grad resultata kan samanliknast. Det vil seie om endra skår skuldast endra tenester eller endra framgangsmåte i undersøkinga.

–  Med dette viktige atterhaldet, kan vi seie at blant dei åtte indikatorane har seks ein høgare skår i 2016-undersøkinga samanlikna med 2011-undersøkinga, mens for dei to siste indikatorane er skåren uendra. Dette er dei to indikatorane med lågast skår. Både handlar om informasjon som er gitt under barselopphaldet, summerer seniorforskaren opp.

Neste gong skal undersøkinga gjennomførast blant kvinner som har fødd i siste kvartal  2017. Dei kvinnene som blir trekt ut, vil få brev i posten på nyåret.

–  Undersøkinga vil da bli gjort på same måte som i 2016, slik at ein kan vere tryggare på at eventuelle endringar ikkje skriv seg frå metoden, understreker Ingeborg Strømseng Sjetne.