Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Folkehelseprofilar 2017 er publiserte

Nye folkehelseprofilar for kommunar og bydelar er  klare for nedlasting. I år inneheld profilane fire nye indikatorar. Tema er antibiotikaresistens og førebygging av infeksjonar.

utsnitt_halden 2017.JPG

Ein profil er utarbeidd for kvar av dei 426 kommunane i Noreg. I tillegg blir det samtidig publisert profilar for bydelane i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Profilar for fylka kjem i mars.

Nytt i 2017

Folkehelseprofilane for 2017 har fire nye indikatorar: 

  • Fortruleg venn - sjå tabellen på side 4 i profilen. Meir om datagrunnlaget: om Ungdata-statistikken
  • Nøgd med helsa  - sjå tabellen på side 4. Meir om datagrunnlaget: om Ungdata-statistikken
  • Antibiotikabruk, reseptar - sjå tabellen på side 4 og figur på side 2.
  • Vaksinasjonsdekning influensa - sjå figur på side 3.

På side 4 i profilen kan du klikke på indikatornamna for å kome rett til statistikkbanken og eit diagram som viser utvikling over tid i din kommune. Dette er nytt i år.

Samanlikne med topp 10-kommunar

På side 4 i profilane er topp 10-kommunane i landet markert. Kommunen kan på ein enkel måte samanlikne seg med dei beste kommunane i landet. Dette gjeld indikatorar for miljø, skole, levevanar, helse og sjukdom. For oversikt, sjå artikkelen Folkehelsebarometeret 2017 – verdiområdet for dei ti beste kommunane.  

Bydelsprofilar for fire byar

Det er tredje gong at Folkehelseinstituttet presenterer profilar for bydelar i dei fire største byane.

Folkehelseprofilane for bydelar tar utgangspunkt i folkehelseprofilen for kommunar når det gjeld indikatorar og temaområde. Valet av indikatorar er imidlertid litt forskjellig. Bydelsprofilane har 30 indikatorar, mot 34 for kommunane. I bydelsprofilane blir ikkje nivået for dei ti beste kommunane markert.

Nederst i denne artikkelen finn du bydelskart for dei fire byane med bydelsprofilar.

Tema 2017: Antibiotikaresistens

Tema for 2017-profilane er antibiotikaresistens og kva verkemiddel kommunane har i det førebyggande arbeidet.

I folkehelseprofilen på side 2 finn kommunen diagram for antibiotikabruken. Tala for kommunen er samanlikna med tal for fylket og landet. Det er eit mål å redusere bruken av antibiotika for dermed å redusere utvikling av resistens.

God drikkevassforsyning og vaksinasjon er ein del av infeksjonsforebygginga, på side 3 finn kommunen diagram for dette. 

Utdjupande informasjon om antibiotikaresistens og infeksjonsførebygging finst i Folkehelserapporten der følgjande kapittel er oppdaterte:

Det er også utarbeidd ein oversikt over antibiotikabruk i kommunane i alle fylke i landet (infografikk). 

Finn fleire tal i statistikkbankane

  • Kommunehelsa statistikkbank gir fleire tal og utdjupande informasjon om alle indikatorane. Statistikkbanken blir oppdatert når nye data kjem inn.
  • Norgeshelsa statistikkbank viser tal på fylkes- og landsnivå. For små kommunar som ikkje får tal for alle indikatorane i Kommunehelsa statistikkbank, kan det løne seg å ta ein titt her.   

Bydelskart Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim

Figurane nedanfor viser kart med bydelsinndelingane for dei fire byane som får bydelsprofilar. Figurar: Folkehelseinstituttet.

Oslo:

Folkehelseinstituttet
Folkehelseinstituttet

Stavanger:

FHI
FHI

Bergen:

FHI
FHI

Trondheim:

FHI
FHI