Dei fleste med vanlege psykiske lidingar blir ikkje behandla
Forskningsfunn
|Publisert
Eit mindretal av dei som har angst, depresjon og alkoholproblem oppsøkjer helsetenesta for å få hjelp. Og dei som gjer det, får ikkje alltid den hjelpa dei treng. Det viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.
– Gjennom media kan ein av og til få inntrykk av at mange har ein låg terskel for å definere vanlege problem som psykiske lidingar og så få behandling for dei. Tala i studien vår tyder derimot på at dette biletet er feil. Det er få som oppsøker helsetenesta og får hjelp for plagene sine, seier forskar ved Folkehelseinstituttet, Fartein Ask Torvik.
Han har leidd studien som viser at dei fleste med vanlege psykiske lidingar ikkje blir behandla. I studien har forskarane sett på angst, depresjon og alkoholmisbruk. Dei intervjua 2271 unge vaksne om personlegdom og psykisk helse og kopla dette til registerdata frå helsetenesta for til saman 11 727 personar. Registerdata inkluderer dei 2271 og i tillegg mange fleire.
Forskarane undersøkte kor mange som hadde vanlege psykiske lidingar ifølgje intervjuet, og kor mange av desse dei fann att i helseregistre som har data frå allmennlegane og frå spesialisthelsetenesta (mellom anna sjukehus og poliklinikkar).
80 prosent med angstlidingar får ikkje hjelp
Blant dei som ifølgje intervjuet hadde depresjon, hadde vel ein av tre (36 prosent) fått depresjonsdiagnose hos fastlegen. Litt under halvparten av desse (15 prosent) hadde blitt behandla for depresjon i spesialisthelsetenesta. Dette tyder på at omtrent to tredelar korkje hadde fått depresjonsdiagnose eller behandling. Fordi dei anten ikkje hadde oppsøkt hjelp eller at problema ikkje vart fanga opp av helsepersonell.
Blant dei som hadde ei angstliding, hadde om lag ein av fem (21 prosent) fått angstdiagnose hos fastlegen og om lag like mange (18 prosent) hadde fått henvisning og behandling for angst i spesialisthelsetenesta. Det betyr at omtrent 80 prosent anten ikkje hadde tatt kontakt med helsetenesta for å få hjelp med angsten, eller fått rett hjelp då dei gjekk til lege.
Alkoholmisbruk blir sjeldan diagnostisert
For alkoholmisbruk var tala endå lågare. Berre tre prosent av dei som hadde eit alkoholmisbruk var fanga opp i primærhelsetenesta og sju prosent i spesialisthelsetenesta. Så mange som ni av ti ber anten ikkje om hjelp eller vert fanga opp når dei kontaktar lege.
– Kanskje er det særleg tabubelagt å ta opp alkoholproblem med legen. Vi såg nemleg at over 40 prosent av dei med alkoholmisbruk hadde vore i kontakt med lege for ei psykisk liding eller eit symptom på psykisk liding, men alkoholmisbruket vart i dei fleste tilfelle ikkje fanga opp. Mange med mildare former for alkoholmisbruk vil nok sjå på drikkinga som eit livsstilsval, og ikkje ei psykisk liding eller noko dei treng hjelp for, seier Torvik.
Nyttig behandling
Torvik trur at personar som har dei mest alvorlege lidingane ofte kjem i behandling, medan dei med mindre alvorlege lidingar kan tenke at problema ikkje er alvorlege nok til å søke profesjonell hjelp, eller at dei satsar på at problema går over av seg sjølv. Det kan òg vere at mange ikkje kjenner igjen symptoma på vanlege psykiske lidingar, og i staden oppsøker lege for utmatting eller ulike kroppslege plagar.
– Det finst psykologisk behandling for angst og depresjon, og fleire kunne hatt god nytte av slik behandling. Spesielt ved angstlidingar kan pasienten gjere raske framsteg dersom han får rett behandling, seier forskaren.
Torvik legg til at ikkje alle som oppfyller kriteria for ei psykisk liding vil ha nytte av behandling. Han understrekar også at det er vanleg å ha psykiske plager frå tid til annan. Det bekreftar helseregisterundersøkinga, som viser at i løpet av ein tiårsperiode hadde 40 prosent av deltakarane konsultert fastlegen om psykiske plager som angstkjensle, depresjonskjensle eller søvnplager.
Helseregister eit alternativ til intervju
Dette er første gong at helseregister er brukt for å måle kor mange som får behandling for vanlege psykiske lidingar. Det er òg første gong vi har slike tal frå Noreg.
Alle deltakarane var henta frå Tvillingsregisteret. Det gjer det mogleg å studere både arveleg og miljømesseg risiko. Både intervjuundersøkinga og registerstudien kunne bekrefte at depresjon, angst og alkoholmisbruk er forbunde med ein arvelig risiko.
– Der intervjuundersøkinga til dømes påviste auka risiko for angst, fann vi at registerundersøkinga også påviste auka genetisk risiko for angst hos dei same deltakarane. Dette viser at registerundersøkingar og intervjuundersøkingar kan fange opp dei same genetiske risikofaktorane, og derfor brukast om einannan, seier Torvik. Han legg til at det same i stor grad gjeld miljøfaktorar.
Intervjuundersøkingar er kostbare, noko som fører til at dei sjeldan blir gjennomført blant mange personar. Helseregister, derimot, omfattar heile befolkninga og blir oppdatert kontinuerleg.
– Å nytte helseregister gjer det mogleg å studere årsaker til psykiske lidingar mykje rimelegare og med større utval enn gjennom intervjuundersøkingar. I Noreg har vi grunn til å vere stolte over helseregistera våre, dei set oss i ein unik posisjon til å drive helseforsking. Samstundes finst det politiske og økonomiske hinder for å utnytte desse registera til det fulle, påpeikar han.
Fakta
- Dei helseregistra som er nytta i studien er Norsk pasientregister (NPR) og aktivitetsdata for allmennlegane (KUHR) i Helsedirektoratet.
- Deltakarane er henta frå Tvillingundersøkingane ved Folkehelseinstituttet. Av dei 2272 som blei intervjua hadde 249 depresjon, 159 ei angstliding og 90 alkoholmisbruk.
- I studien er det ikkje undersøkt kor omfattande behandling som er gitt, berre om behandling er registrert eller ikkje.
- Studien har tatt for seg dei vanlegaste psykiske lidingane; angst, depresjon og alkoholproblem.
- Studien er finansiert av Forskingsrådet og er ein del av eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet, Universitetet i Oslo og Virginia Commonwealth University i Virginia, USA.
- Studien er publisert i Acta Psychiatrica Scandinavica og samandraget kan lesast her
(full artikkeltekst er bak betalingsmur).