Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Årleg blir kvar 10. nordmann behandla for skade

Kvart år blir ti prosent av befolkninga, om lag 550 000 personar, behandla av lege for skadar, viser tal frå Folkehelseinstituttet. Kvar 10. behandling i sjukehus gjeld ein skade. Mange skadar er knytte til alkohol og andre rusmiddel, fall og trafikk.

Foto skiulykke
Colourbox
Skadar handlar om alt frå bagatellmessige skrubbsår til alvorlege og livstruande skadar. Dei fleste registrerte skadane er mindre alvorlege, men det er også mange som blir behandla i sjukehus, viser oppdatering av Folkehelserapporten si nettutgåve, kapittel Skader og ulukker i Noreg.  

Nedgang i trafikkdødsfall

Dei siste 40-50 åra har det vore ein gledeleg nedgang i talet som døyr i ulukker, blant anna på grunn av langt færre dødsfall i trafikken. Men framleis har skadar stor betydning for liv og helse.  
Nye tal viser at årleg er det:
  • om lag 550 000 personar som blir behandla av lege for skadar, dei tilsvarar om lag 10 prosent av befolkninga.
  • 300 000 som blir behandla i sjukehus. 
  • 2500 som døyr av skadar. Ulukker er den viktigaste dødsårsaka for nordmenn under 45 år, dødsfalla er i mange tilfelle knytt til trafikk og rusmiddel.  
Tala ovanfor gjeld registrerte skadar. Totaltalet er truleg høgare, for det er ikkje alle skadar som blir registrerte.  
Internasjonalt peikar Noreg seg ut med høge tal for overdosar og hoftebrot. 
 
 
FHR_figur1_skaderogulykker.png
Figur 1. Det totale skadebiletet per år i perioden 2009-2011. Dei alvorlegaste skadane i toppen av pyramiden. Kjelder: Folkehelseinstituttet/ Dødsårsaksregisteret, Norsk pasientregister (NPR) og Kontroll og utbetaling av helserefusjonar (KUHR), Helsedirektoratet. 

Kan førebyggjast

Særleg innanfor trafikktryggleik har det ulukkesførebyggjande arbeidet kome langt. 
- Påbod av bilbelte, lave fartsgrenser og mange andre tiltak har ført til ein kraftig reduksjon i omfanget og konsekvensane av trafikkulukker, seier forskar Eyvind Ohm ved Avdeling for helse og ulikskap, Folkehelseinstituttet. 
 
Når snøen kjem, skal mange prøve skiutstyret. Då aukar skaderisikoen. Andre skal berre ein liten tur til fots, men fell på glatta og bryt arm eller hofte på veg til postkassa. 
 
- Strøing kan førebyggje fallulukker når det er glatt. Sikringsutstyr, balanseøvingar og styrkjetrening kan førebyggje idrettsskadar, seier Ohm og understrekar at sjølv om ikkje alt kan førebyggjast, er potensialet for førebygging av ulukker og skadar stort. 
 

Alkohol

Også skadar som er knytt til alkohol kan førebyggjast. 
 
- Forsking viser at alkoholrelaterte skadar kan best førebyggjast gjennom tiltak på befolkningsnivå, snarare enn tiltak retta mot enkeltpersonar som misbrukar alkohol. Høge prisar, avgrensa tilgjengelegheit og regulering av promillekøyring er blant verkemidla som er mest effektive for å redusere alkoholkonsumet og alkoholrelaterte problem, seier forskar Ingeborg Rossow ved Avdeling for rusmiddeltiltak, Folkehelseinstituttet.

Forskjell mellom fylka 

Dødstal etter ulukker er desidert høgast i Finnmark, men også Telemark, Buskerud og Østfold har relativt høge ulukkesdødstal, sjå Kommunehelsa statistikkbank. Årsakene til slike geografiske forskjellar er truleg samansette.  
 
Skadar varierer også med utdanningsnivå. Det er lågast skadeførekomst blant personar med universitets- og høgskuleutdanning.