Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Framleis nedgang i aborttal for kvinner under 25 år

I 2015 vart det utført 14001 svangerskapsavbrot, det er om lag same talet som i 2014. Aborttala går ned både blant tenåringar og i aldersgruppa 20-24 år, viser tal frå Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.

fylle ut skjema
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Rapporten frå Abortregisteret for 2015 viser følgjande tal:

  • Det vart i alt utført 14 001 svangerskapsavbrot. Det er 65 færre enn i 2014.

  • Åtte av ti sjølvbestemte abortar vart utførde før 9. svangerskapsveke.

  • I alt vart 590 abortar utførde etter nemndbehandling. Det er 44 fleire enn året før. 575 vart innvilga i primærnemnd og 15 i den sentrale klagenemnda.

Tabell 1: Abortar tall per 1000, heile landet, 15-49 år.

 

Per 1000

2008

14.5

2009

14

2010

13.8

2011

13.3

2012

13

2013

12.5

2014

11.8

2015

11.7

Nedgang i gruppene under 25 år

Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i aborttala i aldersgruppa 15-19 år. Også i aldersgruppa 20-25 år held nedgangen fram, sjå figur 1.

Abort tall 2006-2015.jpg

 

Figur 1. Abortar i ulike aldersgrupper i perioden 2005-2015. Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret).

Blant tenåringar har talet gått ned frå 18,1 abortar per 1000 kvinner i 2008 til 8,3 abortar i 2015.  

- Dei siste aborttala viser den lågaste rata for aldersgruppa 15-19 år sidan registreringa starta i 1979. Berre i dei tre nordlegaste fylka var talet framleis over 10 avbrot per 1000 kvinner i 2015, seier overlege Mette Løkeland ved Abortregisteret. 

Aldersgruppa 20-24 år har i mange år hatt flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner.

- No ser vi at skilnaden er mindre, for også i denne gruppa har det vore ein jamn nedgang frå 2008 til 2015, seier Løkeland. Talet har gått ned frå 30,7 til 21,1 abortar per 1 000 kvinner i perioden. Talet på abortar i aldersgruppa 20-24 år er no det same som i aldersgruppa 25-29 år (21,1 per 1 000 kvinner). I figur 1 er aldersgruppa 25-29 år slått saman med aldersgruppa 30-34 år. 

Høgast i Oslo, Finnmark og Troms

  • Fylka Oslo, Finnmark og Troms hadde i 2015 flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alle aldersgrupper sett under eitt, sjå tabell 1.
  • Vest-Agder, Møre og Romsdal og Aust-Agder hadde færrast svangerskapsavbrot i 2015, sjå tabell 2. 

Tabell 2. Abortar i fylka 2015, per 1000, alder 15-49 år

 

Antall per 1000

Østfold

11.1

Akershus

11.6

Oslo

16

Hedmark

11.8

Oppland

11.9

Buskerud

10.8

Vestfold

11.5

Telemark

11.6

Aust-Agder

9

Vest-Agder

8.6

Rogaland

9.4

Hordaland

10.3

Sogn og Fjordane

9.9

Møre og Romsdal

8.8

Sør-Trøndelag

10.2

Nord-Trøndelag

9.6

Nordland

13

Troms

13.6

Finnmark

15.5

Hele landet

11.7

Medikamentell behandling er vanlegaste metode

Medikamentell behandling har sidan 2008 vore den mest brukte og stadig aukande metoden ved svangerskapsavbrot. I 2015 vart 86,4 prosent av alle sjølvbestemde avbrot gjennomførde medikamentelt.