Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet
Folkehelseprofilar for kommunane 2014:

Forskjellar i psykisk helse mellom kommunar

Folkehelseprofilane 2014 for kommunane viser at det er store variasjonar i kor stor del av befolkninga som har psykiske symptom og lidingar.

Illustrasjonsbilde
– Angst og depresjon er dei mest utbreidde psykiske lidingane og dei klart mest kostnadskrevjande psykiske lidingane for samfunnet. Samtidig er desse lidingane dei lettaste og mest lønsame å førebyggje, seier divisjonsdirektør Ellinor F. Major ved Divisjon for psykisk helse.

Sjølv ein liten reduksjon i talet på nye tilfelle i ei av desse gruppene vil ha store positive konsekvensar for samfunnet: Færre vil bli ramma av lidingane som pasient eller pårørande, og presset på helsetenestene vil bli redusert.

– Det er viktig at alle kommunane legg til rette for tiltak som fremjar god psykisk helse. Sosial støtte og nære fortrulege kan verne mot depresjon. Frisklivssentralane kan òg vere ein arena for å fremje god psykisk helse og livskvalitet. Tiltak som kurs i å meistre depresjon (KiD-kurs) er bra viss ein først er blitt deprimert, seier Major.

Forskjellar mellom kommunar

Folkehelseprofilane 2014 viser at det varierer frå kommune til kommune kor stor del av befolkninga som har psykiske symptom og lidingar. For eksempel er førekomsten mykje høgare i Kristiansand kommune og andre kommunar i Vest-Agder enn i Jølster eller Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Data om legemiddelbruk viser at 148 av 1000 personar har brukt legemiddel til behandling av psykiske lidingar i Kristiansand kommune, mens tilsvarande tal for Jølster er 86 av 1000.

Kva slags psykisk helse-profil har kommunen din? Sjekk her:

Kva kan forklare slike forskjellar?

– Forskjellar mellom kommunar kan ha mange årsaker. Det kan vere reelle forskjellar, og det kan òg vere forskjellar som for eksempel kjem av ulik diagnostiseringspraksis og avstand til lege, seier Major.

– Forskjellar kan òg ha samanheng med arbeidsløyse og forhold i skulen, som fråfall og mobbing. I tillegg kan det vere at dei ulike kommunane tilbyr ulike tiltak for førebygging og behandling av psykiske lidingar.

– Kan diagnostiseringspraksisen ha noko å seie?

– Ja, ulik diagnostiseringspraksis og ulik praksis med å føreskrive legemiddel kan verke inn på statistikken, som derfor kanskje ikkje speglar den verkelege førekomsten nøyaktig. Kommunen kjenner dei lokale forholda godt og vil derfor sjølv vere den som best kan tolke tala i folkehelseprofilane, seier Major. Med utgangspunkt i profilane og lokal kunnskap kan kommunane skaffe seg oversikt over den psykiske helsa i befolkninga.

Tiltak for å fremje god psykisk helse i kommunane

I 2011 gav Folkehelseinstituttet ut rapporten «Bedre føre var…», som gav ei oversikt over ei rekkje sjukdomsførebyggjande og helsefremjande tiltak som finst i kommunane. I tillegg til tiltaka som er omtalte i rapporten, har det kome til enkelte nye. Nokre eksempel på viktige behandlingstiltak: 

  • Program for behandling av søvnproblem: Søvnproblem er kanskje det mest utbreidde og undervurderte folkehelseproblemet i landet og er òg debutproblem ved dei fleste psykiske lidingar. Søvnrestriksjon, stimuluskontroll, avslappingsteknikkar og søvnhygiene har vist seg å vere svært effektive teknikkar til å behandle søvnproblem. 
  • Kurs i depresjonsmeistring (KiD) er lagde opp som undervising der deltakarane lærer kognitive teknikkar for korleis dei kan endre negative tankemønster, noko som er svært vanleg ved depresjon, og som både opprettheld og forsterkar nedsett stemningsleie og depresjon. 
  • Mange kommunar har etablert ei psykisk helseteneste der psykolog gir eit lågterskeltilbod. 
  • Mange har nytte av å delta i sjølvhjelpsgrupper som Angstringen eller såkalla sjølvhjelp med rettleiing, der personen får hjelp for problema gjennom rettleiingsmateriell og oppfølging frå helsepersonell. 
  • Frisklivssentralar: Ein frisklivssentral er ei kommunal helseteneste som har som mål å fremje fysisk og psykisk helse samt førebyggje og meistre sjukdom. Det er etablert frisklivssentralar i omkring 150 kommunar. Frisklivssentralane kan hjelpe den enkelte med å få eit sunnare liv. Vi har etter kvart fått meir kunnskap om kva fysisk aktivitet og kosthald har å seie når det gjeld å førebyggje og lindre depressive symptom.

Mer informasjon

Relaterte saker