Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet
Ny rolle for pasientar og brukarar

Brukaren sine mål er viktige for å få til meir medverknad

Å la pasientar og brukarar sjølve definere eigne mål er ein av fleire suksessfaktorar for å oppnå meir medverknad i helse- og omsorgstenestene. Det viser ein ny publikasjon frå Folkehelseinstituttet som handlar om menneske som har behov for langvarige og koordinerte tenester - blant anna ved kreft, rusproblem og psykiske lidingar.

Colourbox.com
Colourbox.com

I februar 2016 gjennomførde Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Seksjon for kvalitetsutvikling i Folkehelseinstituttet ein konferanseturné i Sør-Noreg saman med eit fagmiljø innanfor psykisk helse frå Trento i Italia. Formålet var å samle inn gode eksempel på den nye brukarrolla og inspirere tilsetje og brukarar innanfor helse- og omsorgstenesta til å arbeide for meir brukarmedverknad. 

No er eksempla som blei presenterte på konferansane systematiserte og summert gjennom publikasjonen Utvikling av en ny brukerrolle i helse og omsorgstenesten - en beskrivelse av suksessfaktorar. I publikasjonen lanserer dessutan Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og seksjonen eit nytt verktøy - ein medverknadsstige, som helse- og omsorgstenestene kan bruke for å finne ut kva for ei form for brukarmedverknad som er aktuelle i det einskilde tilfellet.

Dei fem viktigaste suksessfaktorane

Dette blir trekt fram som dei viktigaste suksessfaktorane for helse- og omsorgstenester som arbeider for å fremje ei ny brukarrolle, der pasienten er delaktig i å utforme tilbodet sitt:

  • jobbe mot brukaren sine mål
  • invitere brukarane inn i forbetringsarbeid
  • samarbeid og inngå partnarskap innan tenestene, og med organisasjonar og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • hjelpe til å sikre brukarane bustad, arbeid og meiningsfull fritid
  • velje ein fagleg overbygning som vektlegg den einskilde pasienten/brukaren si meistring og ressursar

Ved å invitere brukarane inn i forbetringsarbeid kan ein ifølgje publikasjonen bidra til ei ny pasient- og brukarrolle, men brukarane må trekkjast inn tidleg i prosessen slik at moglegheita til å påverke blir reell. Brukarane sine synspunkt på tenestene må dessutan innhentast regelmessig.

Bør spørje kva den einskilde meiner

At helsepersonell arbeider for å nå brukaren sine mål, blir trekte fram som den viktigaste suksessfaktoren.

- For å få til dette er det nødvendig å skape eit godt forhold til brukarane. Vi må ha ein open dialog der brukarane blir spurde om kva som er viktig for dei, og vi må hjelpe til å skape ein meistringskultur der den einskilde er ein aktiv deltakar. Så bør ein lage ein plan som skildrar kva for nokre tiltak som skal startast med utgangspunkt i måla, seier seniorrådgivar Toril Bakke i Kunnskapssenteret i Folkehelseinstituttet.

Systematiserte erfaringar frå lokalt forbetringsarbeid

Under konferansane blei presentasjonen av 39 eksempel frå arbeidet med ei ny pasient- og brukarrolle i kommunar og sjukehus filma. I tillegg blei dei dokumenterte skriftleg.

Eksempla handlar om pasientar og andre brukarar som har behov for langvarige og koordinerte tenester - blant anna menneske med demens, kreft, rusproblem og psykiske lidingar.

Forfattarane av rapporten gjennomgjekk alt materialet knytte til desse konferansane og identifiserte suksessfaktorar som kan fremje ei ny pasient- og brukarrolle.

Imponert over endringsviljen

- Kva inntrykk sit du igjen med etter å ha gjennomgått eksempla på ei ny brukarrolle i kommunar og sjukehus?

- Det som har gjort størst inntrykk er den openheten og viljen til endring som er tilstades i tenestene. Eksempla viser også korleis det å kople brukarkunnskap og fagkunnskap er med på å fremje ei ny brukarrolle. Kor viktig det er å tenkje annleis, og å nytte ressursane ein har tilgjengeleg på ein annan måte, gjer det også inntrykk å høyre om, svarer Bakke.

 

Prøver ut nye roller for pasientar og brukarar

Desse kommunane og helseføretaka blir trekte fram i rapporten fordi dei har sett i gong arbeid med nye pasient- og brukarrollar, som for eksempel Sandnes kommune der ei kvinne med brukarerfaring er tilsett i 25 prosent stilling.

  • Sandnes kommune
  • Sola kommune
  • Asker kommune
  • Drammen kommune
  • Ålesund kommune
  • Kristiansund kommune
  • Surnadal kommune
  • Kristiansand kommune
  • Larvik kommune
  • Sandefjord kommune
  • Helse Møre og Romsdal HF
  • Sørlandet sykehus HF, Kristiansand

 Kva slags prosjekt det handlar om finn du på side 42 i rapporten.

Relaterte saker

Relaterte dokumenter