Få varsel ved oppdateringer av «Storrøykarar med fedme har vesentleg auka risiko for tidleg død»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Storrøykarar med fedme har vesentleg auka risiko for tidleg død
Forskningsfunn
Storrøykarar med fedme har vesentleg auka risiko for tidleg død
Førtiårige mannlege storrøykarar med fedme hadde over 50 prosent risiko for å døy før fylte 70 år. For kvinner i same kategori var risikoen i overkant av 30 prosent. Det viser resultat i ein studie frå Folkehelseinstituttet i samarbeid med Universitetet i Bergen.
Førtiårige mannlege storrøykarar med fedme hadde over 50 prosent risiko for å døy før fylte 70 år. For kvinner i same kategori var risikoen i overkant av 30 prosent. Det viser resultat i ein studie frå Folkehelseinstituttet i samarbeid med Universitetet i Bergen.
- Ein førtiårig mann med fedme (KMI over 30 kg/m²) som var storrøykar (røykte 20 sigarettar eller meir dagleg), hadde 53 prosent risiko for å døy før fylte 70 år.
- For ein førtiårig mann med normal vekt (KMI mellom 22,5 og 25 kg/m²), som aldri hadde røykt, var risikoen ti prosent.
- Tilsvarande tal for kvinner var høvesvis 31 prosent og seks prosent.
Kombinasjonen fedme og storrøyking hjå førtiåringar meir enn femdobla risikoen for å døy før fylte 70 år, både for menn og kvinner, samanlikna med førtiåringar med normal vekt som aldri hadde røykt.
Både aldri-røykarar med fedme og normalvektige som røykte ein til ni sigarettar dagleg, av begge kjønn, hadde om lag dobbelt så stor risiko for å døy mellom 40 år og 70 år som normalvektige aldri-røykarar.
Resultata frå studien samsvarer med tidlegare forsking.
Røyking | 40-årige menn, risiko for død før fylte 70 år | 40-årige kvinner, risiko for død før fylte 70 år | ||
KMI 22,5-25 (normal vekt) | KMI over 30 (fedme) | KMI 22,5-25 (normal vekt) | KMI over 30 (fedme) | |
Aldri røykt | 10 % (10 %) | 22 % (20 %) | 6 % (6 %) | 12 % (11 %) |
1-9 sigarettar dagleg | 22 % (21 %) |
| 13 % (12 %) |
|
20 sigarettar eller meir dagleg | 30 % (29 %) | 53 % (45 %) | 25 % (23 %) | 31 % (28 %) |
Tala i parentes er justert for fylke, fødeår, utdanning og sivilstand.
- Kjennskap til den store dødsrisikoen i samband med røyking og fedme kan kanskje motivere den enkelte til livsstilsendring og motivere myndigheitene til å inkludere denne informasjonen i forebyggingsprogram, seier Vidar Hjellvik, seniorforskar på Folkehelseinstituttet.
Mest vanlege dødsårsaker
For kvinner var den mest vanlege dødsårsaka kreft (56 %), følgd av hjarte- og karsjukdom (22 %). For menn var hjarte- og karsjukdom den mest vanlege dødsårsaka (41 %), følgd av kreft (34 %). Dødsfall som følgje av hjarte- og karsjukdom hang meir saman med KMI enn dødsfall som følgje av kreft.
Metode
Forskarane har undersøkt korleis risikoen for død mellom 40 og 70 år hang saman med kroppsmasseindeks (KMI) og røykjevaner i alderen 35-49 år. KMI vart rekna ut som vekt i kg delt på kvadratet av høgda (kg/m²).
Forskarane følgde 32 727 kvinner og 33 475 menn i alderen 35-49 år frå dei deltok i helseundersøkingane i 1974-1988 og ut 2009 (personar som rapporterte at dei hadde eller hadde hatt diabetes eller hjarte- og karsjukdom, var under blodtrykksbehandling eller hadde ei kreftdiagnose mellom 1953 og eit år etter helseundersøkinga vart ikkje inkludert i studien). Høgde og vekt vart målt og KMI rekna ut. Opplysningar om røyking kom frå spørjeskjema. Forskarane rekna ut risikoen for å døy totalt og av ulike årsaker mellom 40 og 70 år i ulike KMI og røykjegrupper.
Deltakarane blei i gjennomsnitt følgde i 25 år. Forskarane veit ikkje korleis KMI eller røykjevaner endra seg blant deltakarane i denne perioden, men i den generelle befolkninga har talet på røykarar gått ned, spesielt blant menn. Dersom mange slutta å røykje i oppfølgingsperioden kan risikoen forbunde med røyking ha vore underestimert.
Studien er gjort ved å kople data frå helseundersøkingane i Finnmark, Sogn og Fjordane og Oppland i 1974-1988 med Dødsårsaksregisteret, Kreftregisteret og utdanningsdata frå Statistisk sentralbyrå.
Referanse
Hjellvik V, Selmer R, Gjessing HK, Tverdal A, Vollset SE. Body mass index, smoking, and risk of death between 40 and 70 years of age in a Norwegian cohort of 32,727 women and 33,475 men. Eur J Epidemiol. 2013;28(1):35-43. doi: 10.1007/s10654-012-9758-7.