Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Forskningsfunn

Hasjmisbruk er svært arveleg

Narkotikamisbruk – og særleg cannabismisbruk – er meir arveleg enn tidlegare anteke. Oppvekstmiljø og tilgjengelegheit er viktig for om ein prøver ut narkotika. Nokre få av alle som prøver, blir misbrukarar. Dei fleste av desse har ei genetisk sårbarheit som dei ikkje kjenner til på førehand. Dette kjem fram i ein ny stor tvillingstudie frå Folkehelseinstituttet.

Hasjplante
Foto: Colourbox.com

– Ingen veit på førehand om dei er arveleg disponerte eller ikkje. Ein må bruke for å bli misbrukar. Bruken vil utløyse misbruket hjå dei som er genetisk disponerte og denne sårbarheita er mykje sterkare enn vi antok tidlegare, seier forskar Eivind Ystrøm.

Han seier vidare at dette inneber at ein i folkehelsearbeidet må jobbe for at så få som mogeleg får høve til å prøve narkotika. Dei personane som ber på ein genetisk disposisjon for å bli avhengige, kan ikkje på førehand vite om dei er sårbare.

Forskarane Eivind Ystrøm og Ted Reichborn-Kjennerud frå Folkehelseinstituttet og samarbeidspartnarane ved Virginia Commonwealth University i USA, har undersøkt arvbarheita av narkotikabruk og -misbruk. Forskarane har nytta data frå tvillingregisteret i Virginia, og denne studien brukte opplysningar frå nesten 1800 mannlege tvillingar fødde i perioden 1940 til 1974.

Bruk og misbruk av følgjande narkotikatypar blei undersøkt: cannabis (hasj og marihuana), kokain, stimulerande middel (t.d. amfetamin og ecstasy), roande middel (t.d. rohypnol og valium) og hallusinogen (t.d. LSD og "magic mushrooms").

Blant det som blei undersøkt var bruk av cannabis svært vanleg, og 60 % hadde prøvd dette stoffet.

– At så mange hadde prøvd cannabis tyder på at dette stoffet er svært lett tilgjengeleg i USA, seier Eivind Ystrøm.

Resultata viste at:

  • Genar er viktigare for å forklare individuell sårbarheit for narkotikamisbruk enn for berre bruk i seg sjølv:
    • Det var skilnad på stoffa når det gjaldt genetisk disposisjon for misbruk. Cannabis var mest arveleg.
    • Ein fann likevel at arvelegheita for misbruk var større enn venta for alle stoffa. 
    • Bruk av cannabis er berre 30 % arvbart. 
    • Misbruk av cannabis er heile 80 % arvbart. 
  • Oppvekstmiljø – og særleg i familie og nære omgivnader – er viktigare for å forklare bruk av narkotika enn misbruk av narkotika.

Sjå resultata grafisk: Grafer som viser arvbarheten av rusbruk og rusavhengihet (Ystrøm 2013) (pdf)

Metode

For å oppnå større pålitelegheit på måla av narkotikabruk og misbruk, kombinerte forskarane det dei undersøkte sjølv sa (sjølvrapportering) med rapport frå med-tvillingen. Dermed fekk ein betre data, noko som gjer at arvelegheitsberekningane blir sikrare enn i tidlegare studiar.

To former for narkotikabruk blei studert:

  1. "Bruk" – bruk minst ein gong.
  2. "Misbruk" – personen har fått ein psykiatrisk diagnose på misbruk eller avhengigheit av eit stoff.

Referanse

Ystrom, E.; Reichborn-Kjennerud, T.; Neale, M.C. and Kendler, K.S. (2013). Genetic and Environmental Risk Factors for Illicit Substance Use and Use Disorders: Joint Analysis of Self and Co-twin Ratings. Behavior Genetics. Published online November 2013. Ystrom, E. m.fl. (2013) Behavior Geneticssamandrag i tidsskriftet (engelsk).